Andreas Haavoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Andreas Haavoll.
Foto: Ukjent
Andreas Johannes Haavoll (fødd i Ørsta 25. september 1869, død i Oslo 6. mars 1958), var lærar, bankmann, forleggjar og pressemann. Mest kjend er han som utgjevar og redaktør av Norsk Barneblad i meir enn 40 år. Han blir rekna som skaparen av teikneseriefiguren Smørbukk, saman med teiknaren Jens R. Nilsen. Håvoll var ihuga nynorskforkjempar, og var involvert i ei lang rad organisasjonar og publiseringstiltak knytta til målsaka. Han kan trygt kallast ein nøkkelperson i den nynorske offentlegheita i fyrste halvparten av 1900-talet.

Familie

Han var son av Nils Olsson Håvoll (1853-1891) og hustru Berte Andrine Henriksdotter (1826-1909). Foreldra var gardbrukarar på Nilsgarden av Håvoll i Ørsta. Faren kom frå garden Follestad, og mora frå Rebbestad i same bygda. Dei to hadde overteke Nilsgarden i 1853. Andreas var yngst av (minst) sju sysken.[1]

Andreas Haavoll var gift med Inga Rytter (fødd 1869), som han hadde lært å kjenne da han var lærar i Langesund. Inga var også lærar, fødd i Stathelle og oppvaksen i Langesund. Foreldra hennar var skipsførar og skipsreiar Arnoldus von Westen Sylow Koren Rytter (fødd i Bergen eller Ullensvang 1840) og hustru Margrethe fødd Grønli (fødd i Stathelle 1840). Andreas og Inga Haavoll hadde ikkje born.

Utdanning. Bankmann og lærar

Etter folkeskulen hadde Andreas Haavoll i følgje Norsk allkunnebok «ungdoms-, mellom-, lærar- og handelsskule», kanskje i den rekkjefølgja. Ungdomsskulen var venteleg ein framhaldsskule eller folkehøgskule. Mellomskuleeksamen tok han ved Hambros skole i Bergen i 1888, og frå der drog han til Hamarlærarskule og vart uteksaminert derifrå i 1890.

I åra 1890-1893 var han tilsett ved Sandsvær sparebank på Kongsberg.

Fyrste lærarstillinga Haavoll hadde, var ved ein privatskule i Evju i Sandsvær. Han heldt fram i ein tjueårsperiode som skulelærar. Etter Sandsvær var han på Ulefoss, i Eidskog og Langesund. Frå 1899 til 1910 var han lærar i Kristiansund.

Pressemannen

Allereie før han flytta heimefrå, var han engasjert i avisarbeid, nemleg i Vestmannen i Volda 1887-1888, der Rasmus Steinsvik var redaktør. Haavoll fekk mykje å gjere med Steinsvik også seinare (sjå nedanfor).

Medan han gjekk på lærarskulen var Haavoll journalist i Oplandenes Avis, Hamar (1890). Og mest alle stader der han var tilsett som bankmann og lærar, ser det ut til at han har journalistikken som attåtarbeid. Han arbeidde for Kongsberg Blad 1891-1893. I Langesund var han med og stifta Brevikposten 1897, og skreiv både i avisa og i Varden i Skien til 1899, da han flytta til Kristiansund. Der starta han avisa Nordmør i 1903.

Frå 1910 gjorde Haavold presse- og forlagsarbeid til fulltidsverksemd, og vigde resten av yrkeslivet sitt til dette. Rasmus Steinsvik, som nå var redaktør i den viktige nynorskavisa Den 17de Mai, hadde bede Haavold å trå inn som forretningsførar og medeigar i avisa. Haavold takka ja til dette. Da Steinsvik døydde i 1913, tok Haavoll over som redaktør, og heldt fram med det til i 1917.

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad, det viktige nynorskbladet for born og unge, hadde i 1912 økonomiske vanskar. Haavoll og Steinsvik overførte da kaiptal frå Den 17de mai til barnebladet, og berga det for fortsatt drift. Haavoll var utgjevar av barnebladet frå da av og til midten av 1950-åra. Frå 1916 til 1956 var han sjølv redaktør der. Da teikneserien Smørbukk vart lansert i bladet i 1938, teikna av Jens R. Nilsen, stod Haavoll sjølv for tekstane.

Attåt sjølve bladet starta Haavoll Norsk Barneblads Forlag i 1918. Bokutgjevingar og dei årvissse julehefta Smørbukk (frå 1941) og Tuss og Troll (frå 1945), styrka det økonomiske grunnlaget for barnebladet. Frå 1954 overlet Havoll bladet til eit «samyrkelag», men var driftstyrar der til han gjekk bort i 1958.

Anna samfunnsverksemd

Andreas Haavoll var aktiv i kultur- og organisasjonsliv på mange felt, mest knytta til målrørsla og ymse norskdomstiltak. Det fyrste året han var i Kristiansund (1900) var han med og skipa Fosna mållag, og var formann der i fleire år. Da han kom til Kristiania, vart han hovudkrafta bak skipinga av Oslo Mållag (1911), og var formann der ei tid. I 1912 var han aktiv i arbeidet for å få i stand Det norske teateret. Han var formann og drivande kraft i Norsk-Færøyisk lag frå 1949.

Som pressemann var han formann Norsk Illustrert Presse, og styremedlem i Norsk Periodisk presse.

Haavoll var medlem i skulestyra fleire stader der han var lærar, formann i fleire lærarlag, og i arbeidarsamfunn.

Han var æresmedlem i Norsk Periodisk Presse, Fosna Mållag, Norsk Bladmannalag, Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Norsk-Færøyisk lag.

Referansar

  1. Dale, B.J. 1995:53.

Kjelder og litteratur

  • Dale, Bjørn Jonson: Ørstingar I. Ættebok for Ørsta 1600-1900, side 53 (Håvoll 0209).
  • Helleve, Eirik: Skrinet med det rare i. Norsk Barneblad 125 år. Norsk Barneblads Forlag 2012.
  • Norsk allkunnebok artiklar om Haavoll og om Haavold-fondet. 1954.
  • Pressefolk. Biografiske opplysninger om Norsk Presseforbunds medlemmer. 3. utgave. Norsk Presseforbund, Oslo 1950.
  • Folketeljingar:

Eksterne lenkjer