Varden (avis)
Varden er ei avis som blir utgitt i Telemark med hovudkontor i Prinsessegata i Skien. Avisa blei grunnlagd i 1874. I 1887 blei ho overtatt av Chr. Pedersen (fødd 1858 i Skien, død 1936). Fram til 1888 blei Varden utgitt to gonger i veka, deretter tre gonger i veka, før avisa blei dagblad i 1895. I 1918 ble avisa seld til eit aksjeselskap. Pedersen mottok Kongens fortjenstmedalje i gull.[1]
I dag har avisa lokalkontor i Porsgrunn, Kragerø, Bø og Notodden.
Varden blei presentert på internett fyrste gong i 1997 og var den fyrste av dei store annonseberande avisene i landet som gjekk over til tabloidformat. Dette skjedde i 2001.
Avisa var opprinneleg ei Venstre-avis, men frå innlemminga av Fylkesavisen i 1950-åra blei ho meir orientert mot partiet Høyre. Partitilknytninga har dei seinare åra blitt svakere, og Varden blir sett på som ei partipolitisk uavhengig avis i dag.
Varden blei i 1994 seld til Orkla Media og var ei av fleire aviser som 28. juni 2006 blei seld til det britiske medieselskapet Mecom (som samstundes endra namnet til Edda Media). I 2012 blei Mecom kjøpt av A-pressen, som etter oppkjøpet endra namn til Amedia. 4. januar 2013 overtok Agderposten eigarskapet i Varden.[2]
Ansvarlege redaktørar[3]
- Johan Christian Tandberg Castberg 1874-1884
- Halvor A. Berntsen 1884-1891
- Michael Bie 1891-1898
- P. Hvidsten 1898-1899
- Halldor Olsson Oppedal 1899-1902
- Harald Kristoffersen 1902-1931
- Haakon Kristoffersen 1931-1936
- Roald Kristoffersen 1936-1941 og 1945-1955
- Johan E. Holand 1955–1988
- Bjørn Jacobsen 1964-1995
- Leif Magne Flemmen 1997-1999
- Maj-Lis Stordal 2000–2001
- Sigmund Kydland 2001–2006
- Per Valebrokk 2007–2008
- Lars Kitilsen 2008–2014
- Tom Erik Thorsen 2014-
Arkiv
Delar av arkivet etter Varden, fotoarkivet, er ordna ved Telemark Museum. Sjå eit utval på Digitalt Museum.
Eksterne lenker
Referansar
- ↑ Varden, 8. februar 1936.
- ↑ Agderposten overtar Varden - Amedia (5. oktober 2012)
- ↑ Truls E. Nordby: Varden - fra fjord og fjell gjennom 125 år (Forlaget Grenland 1999)