Det Norske Samlaget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Norske Samlaget vart skipa i 1868 i Christiania for å gje ut bøker på landsmål. Første formann og ein av skiparane var Hagbard Emanuel Berner. Ivar Aasen sat ei tid i redaksjonen, som i dei første tiåra vart kalla domsnemnda.

Dei første åra baserte dei seg på medlemmar i eit «samlag» som fekk bøkene, som ein slags bokklubb. I 1881 fekk dei det første statstilskotet til sine bokprosjekt. Sidan 1894 har Samlaget gjeve ut Syn og Segn som medlemsblad og etter kvart som eit viktig allmennkulturelt tidsskrift. Dei har hatt ein stor produksjon av både fag- og skjønnlitterære bøker. Først i 1950 fekk forlaget sin første fast tilsette, Bjarte Birkeland. Drifta vart modernisert av forlagssjef Johs. A. Aanderaa frå 1958. Han bygde mellom anna opp ei skulebokavdeling.

I 1977/1978 vart forlaget organisert som ein stiftelse som driv foretaket, og eit litteraturselskap som er ein politisk aktør på målfeltet. Samlaget tok i 1985 over Noregs Boklag. I mars 2012 vart ein del, Samlaget Utdanning, det vil seie skulebokavdelinga som vart oppretta av Aanderaa, solgt til Vigmostad & Bjørke i Bergen.

Saman med Det Norske Teatret og Noregs Mållag deler Samlaget kvart år ut Nynorsk litteraturpris. Sidan 1924 har Samlaget òg delt ut Melsomprisen.

Edmund Austigard har vore direktør i Samlaget sidan 2011. Forlaget held til i Mariboes gate 13 i Oslo.

Litteratur