Andreas Hesselberg Bjercke

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jan. 2013 kl. 13:38 av Robert Øfsti (samtale | bidrag) (gjenreisingsarkitektane)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas Hesselberg Bjercke (født 2. november 1883 i Oslo, død 30. juli 1967 i Oslo) var ein norsk arkitekt, som virka i Oslo i perioden 1914-ca 1960.

Han var utdanna ved Kgl. Tekniska Högskolan Stockholm i 1906 og vart tilsett hos Ragnar Östberg i Stockholm 1906-10 før han åpna privatpraksis i Kristiania i 1911, frå 1914 i kompaniskap med Georg Eliassen. Firmaet Bjercke og Eliassen var eit viktig arkitektkontor og har tegna mange viktige bygg under både nyklassisismen og funksjonalismen.

Bjercke (eller Bjercke og Eliassen) tegna den freda Elverum lærerskole i 1924 og den freda rektorboligen same stad i 1954-55. Nybygget frå 1962 er tegna av Eliassen og Lambertz-Nilssen Arkitekter, som er eit framhald av før nemnde firma.

I Namsos tegna Bjercke og Eliassen ein firemannsbolig el. horisontaldelt tomannsbolig i tre i Havikvegen 4 i 1940. I 1946 tegna dei den nye folkeskolen og høgre skolen, no Namsos ungdomsskole. Bygget vart tatt i bruk i 1950. Dei same arkitektane tegna også skolefanen, tatt i bruk i 1953. Dei tegna også skolens vaktmesterbolig i Olav Duuns veg 1b. Bjercke og Eliassen har og tegna Havnegata 5a og Havnegata 12 (forretningsgård for gullsmed Harald Ofstad) i 1949 - 50. Det finst også tegningar til ein einebolig i Fredriksbergs gate 4, men dette prosjektet vart aldri bygd. Tomta var nemleg tidlegare tildelt ein annan, som oppførde hus etter tegningar av Arne Sørvig.

Mellom dei mest kjende arbeida til Bjercke og Eliassen utanom gjenreisingsbyane kan nemnast: Oslo: Sjømannsskolen på Ekeberg, Oslo Lysverkers administrasjonsbygning, Vestkantbadet, Rederforbundets bygning, Rådhusgata 25. Møllhausens forretningsgård i Karl Johans gate 17. Georg Eliassens villa, Professor Dahls gate 46. Tønsberg Sjømannsskole,(no Haugar Vestfold kunstmuseum) og boligområdet Thurmannsgate i Tønsberg. Dei tegna også utkast til markedshall og kino i Moss i 1936.


Kilder og lenker

* Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
* Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
* [1] hos Store Norske Leksikon
* [2] hos Wikipedia
* 


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.