Arbeideren (Hamar 1923-1924): Forskjell mellom sideversjoner
(forenkler kategori) |
|||
Linje 8: | Linje 8: | ||
[[Kategori:Hamar kommune]] | [[Kategori:Hamar kommune]] | ||
[[Kategori:Aviser | [[Kategori:Aviser]] | ||
[[Kategori:Nedlagte aviser]] | [[Kategori:Nedlagte aviser]] | ||
[[Kategori:Norges Kommunistiske Parti]] | [[Kategori:Norges Kommunistiske Parti]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1923]] | [[Kategori:Etableringer i 1923]] | ||
[[kategori:Opphør i 1924]] | [[kategori:Opphør i 1924]] |
Sideversjonen fra 4. apr. 2013 kl. 08:14
Arbeideren var ei avis som kom ut på Hamar i åra 1923-1924. Det var eit framhald av Demokraten, som var Arbeiderpartiets organ for Hamar og Hedemarken. Den fyrste tida etter namneskiftet i 1923 hadde avisa framleis undertittelen «Hamar arbeiderparti og herredspartiene i Nord- og Sør-Hedmark». Frå nummer 30 1924 er partitilhøyrsla formulert som «Hamar kommunistiske parti (Hamar arbeiderparti) og herredspartiene i Nord- og Sør-Hedmark». Avisa hadde følgt Norges Kommunistiske Parti da dette vart utskilt frå Arbeiderpartiet i 1923. Året etter vart Arbeideren fusjonert med Lillehammer-avisa Gudbrandsdalens Arbeiderblad, som hadde gjort same valet som Arbeideren ved partisplittinga.
Redaktør for Arbeideren var heile tida Olav Larssen, som også vart den fyrste redaktøren i Arbeideren & Gudbrandsdalens Arbeiderblad.
Kjelder
- Norske aviser 1763-1969. En bibliografi. 1. Alfabetisk fortegnelse. Universitetsbiblioteket i Oslo, Oslo 1973