Arne Garborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. apr. 2009 kl. 17:59 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Arne Garborg''', fødd ''Aadne Eivindsson Garborg'' (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant. ==Tidleg liv== Han...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (fødd 25. januar 1851, død 14. januar 1924) var ein forfattar, redaktør og samfunnsdebattant.

Tidleg liv

Han vart fødd på familiegarden Garborg nær Undheim i Time kommune, og vaks opp der saman med åtte sysken. Før han ble kjend som forfattar arbeidde han som bladmann. Han var odelsgut, men valde trass det å ta utdanning. Faren hadde ønskt at eldstemann tok over garden, og dette skal ha vore medverkande til at han kom ut i eit religiøst prega tungsinn som endte med sjølvdrap i 1870.

Bladmann

I 1872 grunnla Garborg Tvedestrandposten, og i 1877 Fedraheimen der han var redaktør til 1892. I 1894 grunnla han Den 17de Mai saman med Rasmus Steinsvik.

Forfattar og målmann

Garborgs skriveskatoll på i heimen Labråten.
Foto: Olve Utne

Hans fyrste roman, Ein fritenkjar, kom ut i 1878. Den vart i 1883 følgd av Bondestudentar, som vart eit gjennombrot for Garborg. I 1889 la han saman med Rasmus Flo fram midlandsnormalen, ein rettskrivingsnormal som han sjølv nytta sidan. I Skriftir i samling er alle verka hans omskrive til denne normalen.

Bustader

Labråten i Asker, der Arne og Hulda Garborg budde.
Foto: Olve Utne
Garborgheimen, sommarbustaden på Jæren.
Foto: Gunleiv Hadland

Garborg gifte seg i 1887 med Hulda Garborg. Dei busette seg i 1897Labråten i Asker kommune, og budde der resten av sine liv. Dei hadde óg ein sommarbustad, eit jærhus i Knudaheio som Garborg fekk bygd i 1899. Huset vart kjend som Garborgheimen.

Verkliste

Romanar

Ein Fritenkjar (1878)
Bondestudentar (1883)
Mannfolk (1886)
Hjaa ho Mor (1990)
Trætte Mænd (1891)
Fred (1892)
Den burtkomme Faderen (1899)

Diktsamlingar

Haugtussa (1895)
I Helheim (1901)

Skodespel

Uforsonlige (1888)
Læraren (1896)

Andre verk

Forteljingar og Sogar (1884)
Knudahei-brev (1904)
Jesus Messias (1906)
Kolbotnbrev (1890)
Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
Dagbok 1905-1923 (19251927)
Tankar og utsyn (1950)
Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
Han Lars i Lia

Litteratur