Arnhild Marie Fyllingsnes: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(++)
m (puss/kat)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Arnhild Marie Fyllingsnes]]''' (fødd [[14. april]] [[1912]] på [[Ådnekvam]] i [[Masfjorden kommune]]). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som den femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på [[Fyllingsnes]] fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til [[Knarvik sjukeheim]]. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.
'''[[Arnhild Marie Fyllingsnes]]''' (fødd [[14. april]] [[1912]] på [[Ådnekvam]] i [[Masfjorden kommune]]). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på [[Fyllingsnes]] fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til [[Knarvik sjukeheim]] i [[Lindås kommune|Lindås]]. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.


Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa ''[[Nordhordland]]'' om skulevegen at:
Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa ''[[Nordhordland]]'' om skulevegen at:
Linje 25: Linje 25:
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Masfjorden kommune]]
[[Kategori:Masfjorden kommune]]
[[Kategori:Lindås kommune]]
{{Hundreåringer}}
{{Hundreåringer}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}
{{Kvinner i lokalhistoria}}

Sideversjonen fra 8. mai 2016 kl. 01:58

Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912Ådnekvam i Masfjorden kommune). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.

Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa Nordhordland om skulevegen at:

«Ofte måtte vi vri kleda før vi gjekk inn i skulestova. Der sat vi våte til klokka var fire. Då var det godt å ha ei mor som kom i døra og tok oss i handa då vi kom heim»

Alvoret byrja tidleg, mora sat og spann, strikka og vov ved vevstolen som stod i stua, og Arnhild og dei andre såg på og lærde teknikkane. Då Arnhild var 14 år reiste ho til seters og var der åleine i seks veker. Ho mista båe foreldra med to års mellomrom då ho var i tenåra, fyrst faren og så mora. Ingen av dei vart meir enn 50 år, og barna måtte ta over garden. Antingen Arnhild jobba på hermetikkfabrikken på Andvik eller var i teneste i Skjerjehamn, måtte ho heim for å hjelpa til. I 1942 reiste ho til Fyllingsnes for å gå i teneste, og der traff ho mannen i sitt liv.

I 2015 kommenterar Arnhild auken i hjelpemidlar i hushaldet soleis i eit intervju med Gunn Berit Wiik Berg:

«Det verkar som dess meir hjelpemidlar ein får, dess travlare får ein det. Det me treng er meir tid til kvarandre»

Etter at barna vart fødd blei ho heime med dei, det var ho aldri i tvil om at ho skulle gjere. På hundreårsdagen fortalde barna Anne Marie Molvik og Oddvar Fyllingsnes at mora er utruleg klår i hovudet og følgjer med på alt som skjer. Arnhild har dessutan har laga mange handarbeid i løpet av åra, ho broderer, strikkar, er veldig glad i hagearbeid og var ofte igang med hakke og spett. For å følgja med på det som skjer i verda les ho aviser og bøker.

Sjølv fortalde Arnhild at dei hadde ein god familie og var flinke til å le i lag, medan familien fortel at ho kan fjetra folk når ho fortel om gamle dagar.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes fortalde i 100-årstalen at Arnhild framleis var medlem av Lindås KrF, partiet ho og mannen melde seg inn i i 1945 – eller kanskje litt før.

Kilder og litteratur

  • Berland, Ella Sandra Dahl: «Fekk nytt oldebarn på 100 årsdagen», s. 8 i Strilen, tysdag 17. april 2012.
  • Olsen, Stine Åsebø: «–Det er svære greier å verta 100 år», s. 2–3 i Nordhordland, tysdag 17. april 2012.
  • Berg, Gunn Berit Wiik: «Kom for å takka Arnhild (103)», s. 28 i Strilen, fredag 11. september 2015.
  • Bjørlo, Randi: «– Ei mor må ha tid til borna», s. 18-19 i Nordhordland, laurdag 13. februar 2016.


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.