Aure (Sykkylven): Forskjell mellom sideversjoner

m
internlenke
({{nn}})
m (internlenke)
Linje 38: Linje 38:
Innmarka på Aure var delt mellom brukarane «ved det gammelslags teijgebytte» heiter det i ei jordbruksmelding frå 1802. Slik var det til 1828 då det vart halde jordskifte «herved at kan blive udskeldt fra det i mellem dem værende fællesskab i ager og eng som før har været i et saakaldt teigebytte». Sorenskrivar Krogh styrde jordskiftet, og domsmenn var Hans Rasmus Hansen Strømmegjerde, Peder Nicolai Pedersen Ulvestad, Ole Rasmussen Sollied og Sivert Pedersen Flaate. Bruka vart likevel nokså småbytte til det kom nytt jordskifte av innmarka i 1894 då bruka vart utlagde slik ein finn dei i dag. To av hovudbruka flytte då til nordsida av Aureelva: Jakobsbruket bnr. 13 kom til Ullavika, og Knutbruket bnr. 15 kom oppover mot Grebstad-bytet.  

Gamletunet på garden låg søraust for kyrkja på båe sider av vegen. Pihlstova og Eliasstova stod på nordsida, dei andre stovene stod på sørsida. Frå gamletunet hadde buskapen geil som munna ut i utmarka ved Geilesteinane. Gardsfolket henta vatn frå Kyrkjebrunnen som låg ca. 3 meter frå vegen. Kyrkjefolket drakk også av vatnet i brunnen, og folk stod ofte i kø for å sleppe fram til bytta som dei bøygde seg ned og drakk or, fortalde Peter A. Aure. Vatnet i brunnen var både godt og stabilt, og brunnen var i bruk til 1900-åra. Aure hadde elles ein gardsbrunn lenger oppe i garden, men han var ikkje så sikker. Aure fekk springvatn ca. 1900. Inntaksbrunnen var i utmarka sør for tunet, om lag der Skogvegen no går. Sidan vart brunnen flytt lenger opp i lia for å få betre trykk. Frå 1949 vart Aure knytt til Sykkylven Vassverk som har inntaksbrunnen sin i Aurdalselva på Kjemphol.
Gamletunet på garden låg søraust for kyrkja på båe sider av vegen. Pihlstova og Eliasstova stod på nordsida, dei andre stovene stod på sørsida. Frå gamletunet hadde buskapen [[geil]] som munna ut i utmarka ved Geilesteinane. Gardsfolket henta vatn frå Kyrkjebrunnen som låg ca. 3 meter frå vegen. Kyrkjefolket drakk også av vatnet i brunnen, og folk stod ofte i kø for å sleppe fram til bytta som dei bøygde seg ned og drakk or, fortalde Peter A. Aure. Vatnet i brunnen var både godt og stabilt, og brunnen var i bruk til 1900-åra. Aure hadde elles ein gardsbrunn lenger oppe i garden, men han var ikkje så sikker. Aure fekk springvatn ca. 1900. Inntaksbrunnen var i utmarka sør for tunet, om lag der Skogvegen no går. Sidan vart brunnen flytt lenger opp i lia for å få betre trykk. Frå 1949 vart Aure knytt til Sykkylven Vassverk som har inntaksbrunnen sin i Aurdalselva på Kjemphol.
   
Aure har hatt ord på seg for å vere ein årviss korngard. Dei gamle åkrane låg nedover Aureflata sør for gamletunet med unntak av eit par åkrar som låg nordafor kyrkja, m.a. Kyrkjeåkeren som no er utlagd til gravplass. Dei fleste åkrane hadde namn. Bakkefolket hadde såleis ein åker som vart kalla Smiåkeren. Janfolket hadde Geitåkeren. For å skøyte på med gjødsel til åkrane, førde aurekarane heim fiskeslo frå Ålesund, la det i mold og laga kompost. Dei tørka også tare og brukte det som strø under dyra.

Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer