Aure gamle kommunehus

Kommunehus og butikk

Huset vart bygd i 1895, og var då kommunehus i Aure. Det var plassert like ved inngangen til Aure-tunellen i sentrum. I 1983 vart eit nytt kommunehus teke i bruk, og det gamle kommunehuset vart ei tid bruka til m.a. blomebutikk.


Flytting og restaurering

Statens vegvesen gav etter kvart pålegg om at huset måtte vekk frå si opphavlege plassering. I 2000 tok Lånna kunst og handverkslag (no: Aure kunstlag ) kontakt med Aure kommune, og signaliserte at dei var interesserte i å ta over huset. I 2001 gav Aure kommune klarsignal for ei slik overtaking.

I 2002-2003 vart huset flytta over på ny tomt ved Aure prestegard. Kunst og handverkslaget restaurerte 1. høgda og den utvendige delen av huset. I mai 2010 stod huset igjen klar til bruk.


Huset i dag

I dag fungerar huset som lokale for Aure kunstlag. Det vert arrangert kunstutstillingar med jamne mellomrom, samt laurdagskafè på somrane.


Linkar

Aure kunstlag (?): Aure gamle kommunehusAure kunstlag

Kiplesund, Kenneth (2012): Aure gamle kommunehus, [kulturminneatlas.avinet.no/object/dbarticle_preview.aspx?id=584 Kulturminneatlaset]

Kjølås, Berit Susanne (2010): Nytt liv i gamalt hus, NRK