Aursjøhytta: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (→Litteratur) |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
==Litteratur== | ==Litteratur== | ||
*Haarstad, Gustav 1991: ''Torbudalen''. | *Haarstad, Gustav 1991: ''Torbudalen''. | ||
*Einbu, Per og [[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Arnfinn Kjelland]] 1988: ''Setrane i Lesja i teikning og tekst'' | *Einbu, Per og [[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Arnfinn Kjelland]] 1988: ''Setrane i Lesja i teikning og tekst'', s. 157–160. | ||
*Nordsletten, Jonas ca 1937: «Om Aursjøhytta» | *Nordsletten, Jonas ca 1937: «Om Aursjøhytta», i ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' 2001. | ||
*[http://www.kntur.no| Heimeside KNT] | *[http://www.kntur.no| Heimeside KNT] |
Sideversjonen fra 9. aug. 2009 kl. 20:08
Aursjøhytta stod ferdig sommaren 1893 ved sida av setra Buvollen tilhøyrande garden Nord-Slette på Lesjaverk som den første hytta som Kristiansunds og omegns turistforening (KNT) bygde heilt for eiga rekning. Arbeidet med hytta - som dei første åra vart kalla «Lesjehytten» vart utført av Per Nordsletten etter avtale med turistforeininga vinteren 1892-'93 for kr 1500 fullt utstyrt med 10 senger. Hytta vart bygd med 3-4 toms plank og utvendig bordkledd. Høgd under mønsåsen var 6 alen. Setra på Buvollen vart rive i 1908 og flytt til Nordbue om lag 15 minutters gange nordafor gamalsetra. Per Nordsletten og sonen Jonas bygde ny turisthytte på den nye vollen i 1910. Familien Nordsletten var vertskap på «Lesjahytten» og Aursjøhytta i fleire generasjonar.
Formannen i Den Norske Turistforening, professor Yngvar Nielsen besøkte ifølgje gjesteboka «Lesjehytten» fleire gonger. Etter opphald der 9. og 10. august 1897 skreiv han: «Lesjehytten er en af Landets bedste Turiststationer».
Den første hytta vart i 1908 seld til Ragvald Blakstad og vidareseld av han til A/S Aura som nytta ho som feriestad til Aursjøen vart oppdemt i samband med utbygginga av Aura-anlegget først i 1950-åra. Hytta vart flytt dit ho står no i samband med oppdemminga.
KNT overtok hytta frå Statkraft i 1960 da reguleringsarbeidet var avslutta. I 1991 vart ho totalrenovert.
Litteratur
- Haarstad, Gustav 1991: Torbudalen.
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst, s. 157–160.
- Nordsletten, Jonas ca 1937: «Om Aursjøhytta», i Årsskrift for Lesja historielag 2001.