Aursjøen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kart over Aursjøen 1845-51.

Aursjøen var opphavleg den største og nord-vestlegaste av tre vatn inst på Dalsida i Lesja (etter grenseregulering i 1954 også delvis i Nesset kommune). Dei to andre vatna var Grynningen og Gautsjøen. Ut frå Aursjøen renn Aura vestover ned til Eikesdalen.

Aursjøen er nemnd i skriftlege kjelder i alle fall i 1750, da ni eikesdølar skreiv under på eit dokument der dei gav fire lesjingar løyve til å «nyde, bruge og beholde vores Del i Fiskevandet ved Nafn Orsiøen»[1]. Gerhard Schöning skriv i 1775 om «Aursiø» («Reise ... giennem en Deel af Norge» bd. 3 s. 19).

På 1900-talet vart Aura aktuell for kraftutbygging, og det første selskapet som planla utbygging vart skipa i 1910. I 1913 fekk det konsesjon for regulering av dei tre vatna, men noka utbygging kom ikkje i gang før tyskarane prøvde seg under andre verdskrigen.

I 1941 starta okkupantane utbygging av vegen innover Dalsida, men kom aldri lenger. Men undervegs skjedde den verste ulykka som har skjedd i Lesja i nyare tid, Gautsjøulykka.

Straks etter krigen skaut arbeidet med reguleringa fart. 8. juli 1946 vedtok Stortinget at staten skulle ta over fallrettane og alle anlegga som var bygd. I 1949 vart vedtaket om bygginga av kraftanlegget fatta, og i 1951 at all krafta som vart produsert skulle gå til Sunndalsøra.

Det har tidlegare vore gjort funn som kunne tyde på forhistorisk verksemd i området i den utvaska vasskanten av kraftmagasinet. Sommaren 2006 skulle magasinet tappast ned og demningen reparerast. Det vart da gjennomført arkeologiske utgravingar i det området som vanlegvis ligg under vatn, og der vart det funne spor som stadfester at det har vore samisk busetjing her i vikingtida.

Referanse

  1. Tinglyst 8. mars 1751, pantebok for Nord-Gudbrandsdalen nr 1, fol. 379

Litteratur


Koordinater: 62.3230516° N 8.6793371° Ø