Austefjord Museum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. sep. 2009 kl. 08:45 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Austefjord Museum, Årsetøysamlingane''' er bygdemuseum i Austefjorden i Volda. Grunnstamma i museet er dei natur- og kulturhistoriske...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Austefjord Museum, Årsetøysamlingane er bygdemuseum i Austefjorden i Volda. Grunnstamma i museet er dei natur- og kulturhistoriske samlingane som brørne Knut og Andreas Årsetøy bygde opp på den vesle Årsetøya ute i sjølve Austefjorden.

I 1971 lanserte Anna Gjersdal ideen om å etablere eit museum med eige museumsbygg, og året etter vart Austefjord Museumslag etablert. Museet fekk løyve til å føre opp eit bygg i tilknyting til Austefjord skule. I 1977 starta byggearbeidet, i stor grad på dugnad, og i august 1978 vart museet førebels opna. Heldigvis vart det bygd som ei eiga branncelle, for i 2005 vart det eldste skulebygget totalskadd i brann.

Kjelder