Austrheim skule (1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2016 kl. 14:57 av Annetteholme (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Austreim skulehus (Nordfjord Folkemuseum) (3).JPG|Austreim skule|Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)}} Austrheim skule i gamle indre Nordstranda krin...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austreim skule
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Austrheim skule i gamle indre Nordstranda krins i Gloppen kommune. Indre Nordstranda og Fjellbygda var eigen skulekrins frå 1938. I 1870 vart ungane frå Sandane flytta til Austrheim. I 1890 vart Sandane på ny eigen krins. I 1890 vart Gloppestad overført frå Vereide krins.


Skulehuset

Skulehuset på Austrheim er eit av dei fyste skulehusa som vart bygd i kommunen. Bygget vart bygd etter teikningar som var lånt ut frå departementet. Skulen er ei sperrestove med gang, skulestove, eit lite kammers til læraren og eit lite loft. I gangen er det ei grue, og i skulestove står det ein jarnomn. Skulehuset var i bruk fram til 1910.

I dag står skulehuset på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.


Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905.


Koordinater: 61.786002° N 6.197996° Ø