Bø Hornmusikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. des. 2021 kl. 12:57 av Kallrustad (samtale | bidrag) (formatering etc.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Hornmusikk arkiv
Arkivinstitusjon: Bø Museum
Frå år: 1949
Til år: 1965
Fylke: Vestfold-Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Bø Museum
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Bø Hornmusikk var eit musikkorps i Bø i Telemark.

Ideen var alt komen i 1948 frå Arne Waldestrøm. 20. juni 1949 er fyrste registrering av styret som gjev ut eit skriv til bygdefolket.

Det var læraren på framhaldskulen Arne Waldenstrøm som var sentral i oppstartingen. For han var det mogeleg å sjå kandidatar blant elevane sine. Han hadde også god kontakt med realskulen og gymnaset der det var nokon som var interessert i å vera med.

Bø musikklag byrja med pengeinnsamling, med loddsalg, skytebane, gjennomgangslodd og kveldstrekningar.

Fyrste arrangement var på Sandvin 15-16. april 1950.

I perioden fram til avslutninga i 1960, har det vore ca 25 personar aktive med . Det var skulelevar og vaksne frå bygda og gymnase- og realskueelevar som gjekk på skulane i Bø. Me spela fast i Bø 1. og 17.mai , men også i Sauherad, Lunde , Helgja, og Seljord.

Pengar til instrumenter var det lita av, slik at støttekreftene i bygda var gode å ha. Av og til måtte deltakarane sjølv legge ut for korpset. Instrumenta vart i i 1960 gjeve til skulekorpset som starta opp, og fleire deltakare fortsette der med Hans Strandberg i spissen.