Bø prestegard (Bø i Telemark gnr. 53/207)

Sideversjon per 21. jan. 2022 kl. 14:42 av Leharu (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bø prestegard''' eller Holmen gard ligg nokre hundre meter nordaust for Bø kyrkje, i Prestevegen 4. Det sk…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Bø prestegard eller Holmen gard ligg nokre hundre meter nordaust for Bø kyrkje, i Prestevegen 4.

Det skal ha vore ein gard på plassen sidan før vikingtida. Det er ikke kjend akkurat når han vart prestegard, men i 1527 vart i alle fall statusen stadfesta. Med tida vart fleire gardar og gardspartar lagde under prestegarden, og jamvel tettstaden ligg på gamal prestegardsgrunn.

Prestegardsjorda vart etter kvart delt frå og seld, og sjølve prestegardstunet med hovudbygning, stabbur og hage vart seld i 2006 til Stiftinga Bø Prestegard. Stiftinga sitt mål er å taka vare på den lokale kulturarven, og garden vert nytta til diverse kulturføremål.

Hovudbygninga og stabburet er freda. Hovudbygninga er sett saman av to tømmerbygg, der det eldste er frå slutten av 1600-talet og det andre frå midten av 1700-talet. Bygninga har utvendig panel frå ca. 1910. Ein veit ikkje sikkert kor gamalt stabburet er. Bygningane har vorte endra gjennom åra, og hovudbygninga fekk sveitserpreg på overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Stabburet vart restaurert i 2009 og hovudbygninga i 2010.

Kilder


Koordinater: 59.41714° N 9.06031° Ø