Bø prestegard (Bø i Telemark gnr. 53/207)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø prestegard med stabbur og hovudbygningen. Låven høyrer til ein annan gard.
Foto: Leif-Harald Ruud (2022)

Bø prestegard eller Holmen gard ligg nokre hundre meter nordaust for Bø kyrkje, i Prestevegen 4.

Det skal ha vore ein gard på plassen sidan før vikingtida. Det er ikkje kjend akkurat når han vart prestegard, men i 1527 vart i alle fall statusen stadfesta. Med tida vart fleire gardar og gardspartar lagde under prestegarden, og jamvel tettstaden ligg på gamal prestegardsgrunn. Prestegardsjorda vart etter kvart delt frå og seld, og sjølve prestegardstunet med hovudbygning, stabbur og hage vart seld i 2006 til Stiftinga Bø Prestegard. Stiftinga sitt mål er å ta vare på den lokale kulturarva, og garden vert nytta til ymse kulturføremål. Prestegarden har òg eit interessant hageanlegg som stiftinga tek hand om.

Hovudbygninga og stabburet er freda. Hovudbygninga er sett saman av to tømmerbygg, der det eldste er frå slutten av 1600-talet og det andre frå midten av 1700-talet. Bygninga har utvendig panel frå ca. 1910. Ein veit ikkje sikkert kor gamalt stabburet er. Bygningane har blitt endra gjennom åra, og hovudbygningen fekk sveitserpreg i overgangen mellom 1800- og 1900-talet. Stabburet vart restaurert i 2009 og hovudbygningen i 2010.

Mordet i 1681

Den 15. august 1681 arrangerte Abigael Christensdotter Heide dugnad i prestegarden. Ho var gift med Jesper Jakobsøn Achthon, som var sokneprest i Bø frå 1676 til 1689. Han var ikkje på garden da prestefrua hadde samla bygdefolket til uløna arbeid, og etter sjølve dugnaden blei arbeidarane servert god mat og all den drikke dei ønskte seg.

Ofte enda slike samankomster med fyll og slagsmål. Slik gjekk det òg denne augustdagen. Etter ei krangel vart Anders Lauritzøn drepen med kniv av Jens Torbjørnssøn, angjeveleg av di sistnemnde ikkje var beden på dugnaden.

Kjelder


Koordinater: 59.41714° N 9.06031° Ø