Bømlo kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. apr. 2013 kl. 12:14 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk
Guløy

Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, "Guløy" med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.

Guløy

"Guløy" vart bygd i 1937, og er ein svært typisk representant for dei skøytene som det var hundretalls av langs Vestlandskysten i heile etterkrigstida. Fartøya gikk på sildefiske i sesongane og ofte fraktfart i roligare perioder, men dei siste 20-30 årea har dei nesten umerkelig forsvunni. Utvendig framstår fartøyet omlag slik som det såg ut i full drift, med unntak av fiskeriutrustninga. Innvendig er båten tilpassa behova hos nye eigarar og nye bruksområde. Fartøyet vart blant anna forlenga frå 40 til 50 fot i 1952. Motoren er en Wickman Type F 40-70 Hk. Fartøyet er i dag eigd av Bømlo Kystlag, og har heimehavn på Bømlo.