Bakkens skofabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. mai 2017 kl. 09:47 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0607 2.jpg|Teikning av fabrikken i Byfoged Paus's gate 10.|Ukjend kunstnar / Johs. Sætherskar, ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk


Teikning av fabrikken i Byfoged Paus's gate 10.
Foto: Ukjend kunstnar / Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Bakkens Skofabrikk vart starta opp som eit aksjeselskap i 1901, frå byrjinga i legde lokalar på Blekebakken i Skien. Fabrikken hadde eit aksjekapital på 400 000 kr. kring 1949.

Historikk

Sidan 1904 vart fabrikken leia av disponent Jacob Solheim. Sønnen, Arthur Solheim, vart etter kvart meddisponent i fabrikken.

Tilsette og produksjon

Interiøret i fabrikken, truleg ei gong på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Frå oppstarten hadde fabrikken 4-5 arbeidarar, men dette talet vaks raskt ettersom fabrikken utvida:

1910: ca. 30 arbeidarar med ein produksjon på ca. 20 000 par sko.
1920: ca. 130 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 88 000 par sko.
1930: ca. 160 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 106 000 par sko.
1940: ca. 220 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 140 000 par sko.

Ved årsskiftet 1947/48 hadde fabrikken om lag 240 arbeidarar og funksjonærar og produserte ca. 4 000 par sko i veka.

Produkta

"Ola Normann" - ei merkevare frå fabrikken.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Frå byrjinga omfatta produksjonen i fabrikken berre hussko (sandalar, tøflar), men då fabrikken flytte inn i nye lokalar i 1907 tok ein til å produsere andre typar skotøy. Frå 1913 produserte fabrikken utelukkande sko til utandørs bruk.

Rundt 1950 produserte fabrikken mest brukssko og spasersko i rand, durk og welt, samt beksøm og weltbeksøm skistøvlar. Leiinga i fabrikken var visstnok svært opptatt av å levere fyrsteklasses produkt.

Omsettinga skjedde for det meste direkte til skotøyforretningar rundt om i landet. Fabrikken hadde fire fast tilsette agentar som reiste rundt å solgte produkta. I tillegg hadde dei fast agent i Oslo og eigne agentar i Troms og Finnmark.

Lokala

Frå byrjinga legde fabrikken lokalar på Blekebakken i Skien, men i 1907 flytta fabrikken til eigne lokalar. I 1918 vart det oppført eit nytt tidmessig fabrikklokale i mur. Golvarealet vart med dette utvida til 1500 m2. Etter 1945 vart det oppført nok ein fabrikkbygning som vart tatt i bruk i 1946/47, og arealet auka då til heile 2500 m2. Fabrikken hadde i tillegg sikra seg tomtearealar med tanke på vidare utbygging attmed fabrikken.

Kjelder

  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.