Bakkens skofabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Teikning av fabrikken i Byfoged Paus gate 10.
Foto: Ukjend kunstnar / Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Bakkens skofabrikk vart starta opp som eit aksjeselskap i 1901 etter initiativ frå Jacob Solheim m.fl. Frå byrjinga heldt fabrikken til i legde lokalar på Blekebakken, men flytta etter kvart til Byfogd Paus gate 10A i Skien. Fabrikken hadde eit aksjekapital på 400 000 kr kring 1949.

Historikk

Sidan 1904 vart fabrikken leia av disponent Jacob Solheim frå Kilebygda. Etter kvart fekk han også med seg sonen, Arthur Solheim, som meddisponent. Jacob hadde starta karriera si som 16 åring, fyrst på en tobakksfabrikk og seinare på Bakkens Tøffelfabrikk. Han meinte at tretøflar (tresko) ikkje ville overleve, og fekk med seg fleire for å skape ei ny skoindustribedrift i Skien.

Interiøret i fabrikken, truleg ei gong på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

"Bakken", som fabrikken blei kalla på folkemunne, gjorde det svært godt. Dette gjorde at det snart etablerte seg ei lang rekke skofabrikkanter i byen. På det meste hadde "Bakken" 230 tilsette og blet rekna for å vere ein svært sikker arbeidsplass. Totalt var omlag 500 arbeidarar sysselsatt direkte i skoindustrien i Skien då produksjonen var på høgda i byen.

Tilsette og produksjon

Frå oppstarten hadde fabrikken 4-5 arbeidarar, men dette talet vaks raskt ettersom fabrikken utvida:

1910: ca. 30 arbeidarar med ein produksjon på ca. 20 000 par sko.
1920: ca. 130 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 88 000 par sko.
1930: ca. 160 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 106 000 par sko.
1940: ca. 220 arbeidarar og funksjonærar med ein produksjon på ca. 140 000 par sko.

Ved årsskiftet 1947/48 hadde fabrikken om lag 240 arbeidarar og funksjonærar og produserte ca. 4 000 par sko i veka.

Produkta

"Ola Normann" - ei merkevare frå fabrikken.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Frå byrjinga omfatta produksjonen i fabrikken berre hussko (sandalar, tøflar), men då fabrikken flytte inn i nye lokalar i 1907 tok ein til å produsere andre typar skotøy. Frå 1913 produserte fabrikken utelukkande sko til utandørs bruk.

Rundt 1950 produserte fabrikken mest brukssko og spasersko i rand, durk og welt, samt beksøm og weltbeksøm skistøvlar. Leiinga i fabrikken var visstnok svært opptatt av å levere fyrsteklasses produkt.

Omsettinga skjedde for det meste direkte til skotøyforretningar rundt om i landet. Fabrikken hadde fire fast tilsette agentar som reiste rundt å solgte produkta. I tillegg hadde dei fast agent i Oslo og eigne agentar i Troms og Finnmark.

Lokalet

Frå byrjinga legde fabrikken lokalar på Blekebakken i Skien, men i 1907 flytta fabrikken til eigne lokalar. I 1918 vart det oppført eit nytt tidmessig fabrikklokale i mur. Golvarealet vart med dette utvida til 1500 m2. Etter 1945 vart det oppført nok ein fabrikkbygning som vart tatt i bruk i 1946/47, og arealet auka då til heile 2500 m2. Fabrikken hadde i tillegg sikra seg tomtearealar med tanke på vidare utbygging attmed fabrikken.

Galleri

Kjelder

  • Blikstad, Eivind (red.), Skiensboka, Skien, 2010.
  • Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eksterne lenker