Balestrand lærerskole: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Balestrand lærerskole''' (''Balestrands lærerskole'') vart skipa i 1863 og lagt ned i 1880. Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdannin...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Balestrand lærerskole]]''' (''Balestrands lærerskole'') vart skipa i 1863 og lagt ned i 1880. | '''[[Balestrand lærerskole]]''' (''Balestrands lærerskole'') i [[Sogn og Fjordane]] vart skipa i 1863 og lagt ned i 1880. | ||
Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. | Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa nye lærarskular i tillegg til dei gamle lærarseminara. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand. | ||
Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. | Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. | ||
Linje 7: | Linje 7: | ||
Skulen opna 10. februar 1863, og fyrste året gjekk 24 elevar på skulen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på dei eldre lærarseminara. Fleire av elevane i Balestand gjekk då òg vidare på [[Stord lærerskole|Stord seminar]]. | Skulen opna 10. februar 1863, og fyrste året gjekk 24 elevar på skulen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på dei eldre lærarseminara. Fleire av elevane i Balestand gjekk då òg vidare på [[Stord lærerskole|Stord seminar]]. | ||
Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på | Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Av dei var 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Fleire av elevane tok vidare utdanning på eit lærarseminar, og nokre få kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som på den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner. | ||
Det hadde lenge vore meininga at dei nye lærarskulane berre skulle vere i drift fram til ein hadde fått bukt med mangelen på utdanna lærarar. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole." | Det hadde lenge vore meininga at dei nye lærarskulane berre skulle vere i drift fram til ein hadde fått bukt med mangelen på utdanna lærarar. Det var på tale å leggje ned skulen i 1869, men han fekk halde fram. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole." | ||
==Styrarar== | ==Styrarar== | ||
Linje 18: | Linje 18: | ||
*1877-1880: [[Jakob Rosted Suer Walnum]] | *1877-1880: [[Jakob Rosted Suer Walnum]] | ||
Underlærarar 1864-1880: [[Anders Person Øvrebø]] | Underlærarar 1864-1880: [[Anders Person Øvrebø]], klokkar i Balestrand | ||
==Kjelder og litteratur== | ==Kjelder og litteratur== |
Sideversjonen fra 28. des. 2012 kl. 16:15
Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane vart skipa i 1863 og lagt ned i 1880.
Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa nye lærarskular i tillegg til dei gamle lærarseminara. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand.
Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar.
Skulen opna 10. februar 1863, og fyrste året gjekk 24 elevar på skulen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på dei eldre lærarseminara. Fleire av elevane i Balestand gjekk då òg vidare på Stord seminar.
Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Av dei var 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Fleire av elevane tok vidare utdanning på eit lærarseminar, og nokre få kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som på den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner.
Det hadde lenge vore meininga at dei nye lærarskulane berre skulle vere i drift fram til ein hadde fått bukt med mangelen på utdanna lærarar. Det var på tale å leggje ned skulen i 1869, men han fekk halde fram. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole."
Styrarar
Styrarane på lærarskulen var teologar, dei fleste nyutdanna og unge:
- 1863-1867: Didrik Arup
- 1867-1873: Knud Karl Krogh-Tonning
- 1873-1877: Christen Brun
- 1877-1880: Jakob Rosted Suer Walnum
Underlærarar 1864-1880: Anders Person Øvrebø, klokkar i Balestrand
Kjelder og litteratur
- Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen: I kommisjon hjå Lunde & Co.'s Forlag, s. 200-209 (prenta opp att i Pridlao nr. 1, 2004, s. 34-37. (Labergs kapittel er hovudarbeidet om lærarskulen.)
- Urtegaard, Gunnar. (2001). Balestrand lærarskule, i Kulturhistorisk leksikon (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
- Lærarskulen i Balestrand, Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane