Bankplassen Kiosk og Grillbar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2015 kl. 10:48 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bankplassen Kiosk & Grillbar''' er ein kiosk og serveringsstad i Aure sentrum. Forretninga vart etablert av Alf Aure i 1950 som kiosk og bensintasjon. Han og...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bankplassen Kiosk & Grillbar er ein kiosk og serveringsstad i Aure sentrum. Forretninga vart etablert av Alf Aure i 1950 som kiosk og bensintasjon. Han og kona Åsta Aure hadde drive ymse slag agentur i mange år då dei i 1950 byrja med forretningsverksemd ved ferjekaia i Aure sentrum. Bensinstasjonen vart lagt ned i 1968, men kioskdrifta utvikla seg positivt, og same året vart ei større ombygging og modernisering ferdig. Sonen, Bastian Aure, kom tidleg med i forretninga, og frå omkring 1970 stod han føre den daglege drifta. I tillegg til handelen i kiosken dreiv firmaet i mange år eit moderne gatekjøkken i same bygget. Eit agentur i sukkervarer høyrde også med.

I midten av 80-åra flytta dei bedrifta til nybygde lokale midt i sentrum der Søkkelven og Omegns Privatbank tidlegare hadde halde til. Dette er bakgrunnen for namnet Bankplassen. Bastian Aure dreiv i tillegg til kiosk også grillbar og serveringsstad i kjellaren. Tidleg på 2000-tallet tok Elin Igelkjønn og dottera hennar, Anita, over drifta og heldt fram i omlag same spor.

Bankplassen har vore ein populær møtestad for unge og eldre, mellom anna har dei utvikla ei avdeling for dei hestesportinteresserte med skjermar som viser travløp over heile landet. Bankplassen har også i ei årrekkje arrangert bygdequizar. Verksemda er elles kjend for sin assorterte pizzameny.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983