Bankplassen Kiosk og Grillbar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bankplassen Kiosk og Grillbar var ein kiosk og serveringsstad i Aure sentrum i Sykkylven kommune. Forretninga vart etablert av Alf Aure i 1950 som kiosk og bensinstasjon. Han og kona Åsta Aure hadde drive ymse slag agentur i mange år då dei i 1950 byrja med forretningsverksemd ved ferjekaia i Aure sentrum. Bensinstasjonen vart lagt ned i 1968, men kioskdrifta utvikla seg positivt, og same året vart ei større ombygging og modernisering ferdig. Sonen, Bastian Aure, kom tidleg med i forretninga, og frå omkring 1970 stod han føre den daglege drifta. I tillegg til handelen i kiosken dreiv firmaet i mange år eit moderne gatekjøkken i same bygget. Eit agentur i sukkervarer høyrde også med.

Etter planane for den nye riksvegen gjennom Aure sentrum kom delar av kioskbygget til å stå i veglina. Dei måtte difor sjå seg om etter ny tomt, og byggegrunn fann dei midt i sentrum der Søkkelven og Omegns Privatbank tidlegare hadde halde til. Der reiste Bastian Aure eit bygg på 300 m2 med to høgder og kjellar. Bastian Aure dreiv der i tillegg til kiosk også grillbar og serveringsstad i kjellaren. I 2008 tok Eli Igelkjøn og dottera hennar, Anita, over hovudansvaret for drifta og heldt fram i om lag same spor. Dei la ned drifta i 2022.

Bankplassen var ein populær møtestad for unge og eldre. Bastian Aure hadde stor interesse for hestesport og utvikla ei avdeling for dei hestesportinteresserte med skjermar som viste travløp over heile landet. Bankplassen hadde også i ei årrekkje bygdequizar i kjellarlokala. Der vart det også vist engelske fotballkampar direkte.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Informasjon frå innehavar Anita Igelkjøn.