Bedehus i Evje og Hornnes: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
m ({{nn}})
Ingen redigeringsforklaring
Linje 77: Linje 77:
Bedehusfolket er nok ofte sett på som trongsynte og einsretta. Og mange opplevde bedehusmiljøet som trongt og ufritt. Mange tykte at det vart åtvara så sterkt mot forskjellige slags aktivitetar at livet vart gledelaust og innsnevra. Men samstundes veit eg at mange av dei som har halde til på bedehuset og i misjonsforeiningar, hevdar at livet har vore rikt. Mange fann meining med livet då dei valde å fylgje Kristus. Og ikkje minst dei forskjellige song- og musikkora som har vore knytta til bedehusa, har skapt mykje glede, særleg for dei unge. Miljøet på bedehuset har dessutan verna mange ungdomar frå utglidning. Har forresten forkynninga og miljøet på bedehuset vore eintydig så snevert som mange har vilja hatt det til? Det trur eg ofte er ein myte! Gjennom besøk av misjonærar vart horisonten monaleg utvida. Dei fortalde spennande sjølvopplevde hendingar som var interessant å lytte til både for gamal og ung. Og misjonsfilmane gav innsyn i kulturar som ein snaut visste eksisterte. Alt dette, og meir til, høyrer med når ein skal prøve å forstå bedehuskulturen.

Bedehusfolket har stått nokså fjernt frå den såkalla finkulturen, om ein ser dette i historisk lys. Romanar, teater, kino heldt ein seg stort sett unna. Forklaringa på dette forholdet finn ein for ein stor del i den pietistiske åndsstraumen som lekmanns- og bedehusrørsla har si rot i. I boka ''Sannhet til gudfryktighet'' har forfattaren, biskop [[Erik Pontoppidan]], sterke ord mot romanar, dans og skodespel.  
Bedehusfolket har stått nokså fjernt frå den såkalla finkulturen, om ein ser dette i historisk lys. Romanar, teater, kino heldt ein seg stort sett unna. Forklaringa på dette forholdet finn ein for ein stor del i den pietistiske åndsstraumen som lekmanns- og bedehusrørsla har si rot i. I boka ''Sannhet til gudfryktighet'' har forfattaren, biskop [[Erik Pontoppidan d.y.|Erik Pontoppidan]], sterke ord mot romanar, dans og skodespel.  

Dette og andre forhold førte til at størsteparten av det tradisjonelle bedehusfolket, vil eg tru, kom til å stå temmeleg langt borte frå den kulturen som ein møtte i [[Folkets hus]], [[Ljosheim]], [[Trudvang]] og Kinoen. Ljosheim og Trudvang tilhøyrde den frilynte ungdomsrørsla og Noregs Ungdomslag. Her heldt ein møte, festar, leikarring der det vart sett fokus på norskdom, landsmål og den nasjonale arven. Verksemda på Ljosheim og Trudvang stod i ein antipietistisk tradisjon.  