Bekkjarvik (Austevoll)

Bekkjarvik er ein gard, handelsstad og tettstad på øya Selbjørn i Austevoll kommune. Den har gardsnummer 67 (9 før 1964). Garden var tidlegare bygsleplass under Søre Drivenes, men vart utskild som eigen gard i 1723. Garden ligg ved Bekkjarviksundet. Fram til 1964 hørte Bekkjarvik til Fitjar kommune.

Bekkjarvik kyrkje.
Foto: Helge Asperheim (2022)

Namn

Ved ei lita vik på nordsida av Selbjørn renn ein bekk ned frå Drivenesvatnet. Første delen av namnet kjem av Bekkr[1]. Bekkjarvik betyr ganske enkelt; Bekken som renn ned mot ei vik.

Skrivemåtar: Beckerwyc (eng.), Bechervigen (dansketia), Bekkervig, Bekkjarvik (1922)

Handels- og gjestgivarstad

I Bekkjarvik har det vore handels- og gjestgivarstad kanskje heilt tilbake til mellomalderen. Det var ei god hamn, hamna låg nært gode fiskeriområde og den mest benytta farleia for fiske- og føringsfartøy, Nyleia.

Historie

1600-talet

1600-talet
  • Otto Slingermann, frå Horn i Nederland, første borgaren som er nemnt.
1634
  • Kremmarverksemd i Bekkjarvik
1649
  • Bekkjarvik, som då var ein del av Søre Drivenes vart seld av Fredrik III.
1670
  • Bekkjarvik og garden Søre Drivenes kjøpt av futen Ivar Knudson Gram.[2]

1700-talet

1709
  • Mathias Ellingson var eigar av Drivenes med Bekkjarvik.
1723
  • Bekkjarvik utskild som eigen gard fra Søre Drivenes.
1736
  • Nemnt i kongebrev at Bekkjarvik hadde ei god skipshamn med 4 karnringar til feste for skip.
1736
  • Nathanael Mathiasson fekk pålegg i eit kongebrev om å halde dei nødvendige husrom i lovleg stand, og syta for at omreisande og andre kunne få øl, vin og anna som var nødvendig mot billeg betaling.

1800-talet

1870
1880
  • Smie i Bekkjarvik. Eigar Ivar Haldorsen.
1897
  • Bekkjarvik seld til familien Ola Halstensen.
1898

1900-talet

Første verdenskrig (1914-1918)
  • Sønene til Ola overtok drifta av Bekkjarvik. De auka og delvis omla driften, idet dei la vekt på sild- og fiskehandel og dertil kommisjonsvirksomhet.[3]
1950-åra
  • Sildemottak i Bekkjarvik
1964
  • 1 januar: Bekkjarvik blei ein del av Austevoll kommune, tilhøyrde tidlegare Fitjar.
1965
1972
  • Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg oppretta.
1987
  • Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg overført frå Bekkjarvik til Husavik.

Etter 2000

2010
  • Dronning Sonja avdukar bautaen Sildajento i Bekkjarvik.

Kjelder

  • Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik Kapellsokn. Austevoll sogenemnd. Utgjevar: Austevoll kommune. 1991.
  • Bekkjarvik : eit kremmerleie gjennom 350 år : K. Halstensen A/S, 1897-1997, 100 år[2]

Referansar

  1. Austevoll gard og ætt III. 1991. Side 359
  2. Bekkjarvik : eit kremmerleie gjennom 350 år : K. Halstensen A/S, 1897-1997, 100 år. Side 25
  3. Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet : registreringsrapport. 1 : Ytre Hordaland[1]