Bergmann AS: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Bergmann AS''' var ei agenturforretning og bokhandel i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, s...)
 
Ingen redigeringsforklaring
 
(4 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''Bergmann AS''' var ei agenturforretning og bokhandel i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, såkalla sivile trykksaker som vart produserte, men etter kvart spesialiserte firmaet seg innafor databransjen med system- og datablankettar og andre datarelaterte trykksaker. Denne delen av selskapet vart i 1982 registrert som eige selskap, Rolf Bergmann A.S, med Rolf Bergmann som disponent. På dette området hadde firmaet storparten av marknaden i Møre og Romsdal.
'''[[Bergmann AS]]''' var ei agenturforretning og bokhandel i [[Sykkylven]]. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, såkalla sivile trykksaker som vart produserte, men etter kvart spesialiserte firmaet seg innanfor databransjen med system- og datablankettar og andre datarelaterte trykksaker. Denne delen av selskapet vart i 1981 registrert som eige selskap, Rolf Bergmann AS, med Rolf Bergmann som disponent. På dette området hadde firmaet storparten av marknaden i Møre og Romsdal. Dei hadde også kundar i andre delar av landet. Innan dette spesialiserte grafiske området hadde Rolf Bergmann allereie i 1969 gått inn eit nært produksjonssamarbeid med firmaet F. Beyer.


I 1975 kjøpte Bergmann A.S Sykkylven Bokhandel, og Kjell Molvær var disponent i dette firmaet frå 1980. Ei stor forbetring var det då Bergmann A/S fekk flytte inn i nye lokale i Aure sentrum i 1982, og dermed fekk dei alle aktivitetane samla under eitt tak. I tillegg til bøker og alle slag papirvarer førte firmaet også leikety, kontorutstyr, data-rekvisita, hobbyartiklar og lervarer.  
I 1975 kjøpte Bergmann AS Sykkylven Bokhandel, og Kjell Molvær var disponent i dette firmaet frå 1980. Ei stor forbetring var det då Bergmann AS fekk flytte inn i nye lokale i Aure sentrum i 1982, og dermed fekk dei alle aktivitetane samla under eitt tak. I tillegg til bøker og alle slag papirvarer førte firmaet også leikety, kontorutstyr, data-rekvisita, hobbyartiklar og lervarer.  


Bergmann A.S heldt seg godt orientert om det som skjedde i bransjen, og tok moderne teknologi i bruk. Rekneskap, faktureringssystem og statistikk vart såleis køyrt frå eigen dataterminal med linesamband til ein sentral datamaskin. Firmaet dreiv aktiv oppsøkjande verksemd til industri og datasentralar, og ytte konsulenthjelp, særleg når det galdt utforming av blankettar. I 1980-åra vart det ei sterk utvikling innan utstyr og rekvisita i samband med data-behandling, og firmaet fekk eit godt fotfeste i den regionale marknaden på dette området.
Bergmann AS heldt seg godt orientert om det som skjedde i bransjen, og tok moderne teknologi i bruk. Rekneskap, faktureringssystem og statistikk vart såleis køyrt frå eigen dataterminal med linesamband til ein sentral datamaskin. Firmaet dreiv aktiv oppsøkjande verksemd til industri og datasentralar, og ytte konsulenthjelp, særleg når det galdt utforming av blankettar. I 1980-åra vart det ei sterk utvikling innan utstyr og rekvisita i samband med databehandling, og firmaet fekk eit godt fotfeste i den regionale marknaden på dette området.


I midten av 1980-åra slutta firmaet med bokhandel, og den øvrige salsverksemda vart flytta til nye lokale i eit næringsbygg i Spjelkavik i Ålesund kommune. Bergmann AS var i mange år agent for papirleverandøren Bayer.
I midten av 1980-åra slutta firmaet med bokhandel, og i 1990 flytte Rolf Bergmann AS verksemda til eit næringsbygg i Spjelkavik i Ålesund kommune, Myrabakken Næringssenter.  
 
Papirbasert kommunikasjon vart etter kvart i stor grad erstatta av elektronisk kommunikasjon. Selskapet vart som ein konsekvens av dette lagt ned i 2009.


==Kjelde:==
==Kjelde:==
* Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
* Jon Hole: ''Handelsnæringa i Sykkylven'', Sykkylven 1983.
* Informasjonar frå Rolf Bergmann til Eldar Høidal, april 2015.


[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Sykkylven leksikon]]
[[Kategori:Etableringer i 1972]]
[[Kategori:Etableringer i 1972]]
[[Kategori:Handel]]
[[Kategori:Bokhandel]]
[[Kategori:Næringsliv]]
[[Kategori:Papirhandel]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
[[Kategori:Sykkylven kommune]]
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 13. nov. 2023 kl. 08:29

Bergmann AS var ei agenturforretning og bokhandel i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, såkalla sivile trykksaker som vart produserte, men etter kvart spesialiserte firmaet seg innanfor databransjen med system- og datablankettar og andre datarelaterte trykksaker. Denne delen av selskapet vart i 1981 registrert som eige selskap, Rolf Bergmann AS, med Rolf Bergmann som disponent. På dette området hadde firmaet storparten av marknaden i Møre og Romsdal. Dei hadde også kundar i andre delar av landet. Innan dette spesialiserte grafiske området hadde Rolf Bergmann allereie i 1969 gått inn eit nært produksjonssamarbeid med firmaet F. Beyer.

I 1975 kjøpte Bergmann AS Sykkylven Bokhandel, og Kjell Molvær var disponent i dette firmaet frå 1980. Ei stor forbetring var det då Bergmann AS fekk flytte inn i nye lokale i Aure sentrum i 1982, og dermed fekk dei alle aktivitetane samla under eitt tak. I tillegg til bøker og alle slag papirvarer førte firmaet også leikety, kontorutstyr, data-rekvisita, hobbyartiklar og lervarer.

Bergmann AS heldt seg godt orientert om det som skjedde i bransjen, og tok moderne teknologi i bruk. Rekneskap, faktureringssystem og statistikk vart såleis køyrt frå eigen dataterminal med linesamband til ein sentral datamaskin. Firmaet dreiv aktiv oppsøkjande verksemd til industri og datasentralar, og ytte konsulenthjelp, særleg når det galdt utforming av blankettar. I 1980-åra vart det ei sterk utvikling innan utstyr og rekvisita i samband med databehandling, og firmaet fekk eit godt fotfeste i den regionale marknaden på dette området.

I midten av 1980-åra slutta firmaet med bokhandel, og i 1990 flytte Rolf Bergmann AS verksemda til eit næringsbygg i Spjelkavik i Ålesund kommune, Myrabakken Næringssenter.

Papirbasert kommunikasjon vart etter kvart i stor grad erstatta av elektronisk kommunikasjon. Selskapet vart som ein konsekvens av dette lagt ned i 2009.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.
  • Informasjonar frå Rolf Bergmann til Eldar Høidal, april 2015.