Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn av John Andersen Nordhuus kom ut i 1848, og er eit svært tidleg døme på ei bygdebok. Det er blitt sagt om boka at ho «med en viss rett kan kalles landets første gardshistorie».[1] Den fulle tittelen på boka er Beskrivelse over Brønøe Hovedsogn. Topographisk, historisk og geografisk skildret af John A. Nordhuus, Gaardbruger. Ho kom ut på N.C.Bidstrups forlag i Bergen.

Geografisk omfattar boka det som fram til 1964 var Brønnøy kommune med Brønnøysund. Boka har eit kapittel om kvar einskild gard som på utgjevingstidspunktet fanst i innan dette området, dvs. nåverande gardsnummer 74-113.

Det er neppe tilfeldig at forfattaren insisterte på å opplyse om sitt eigentlege yrke på tittelbladet. Boka ut i det tåret som har vore kalla det nasjonale gjennombrotet i norsk kunst og litteratur, og bonden stod i sentrum for interessa til nasjonalromantikarane. Dette var også den tida bondepolitikken for alvor hadde byrja å gjere seg gjeldande i sin motstand mot embetsmannsveldet. Forfattaren hadde sjølv vore politikar, og representerte Nordlands amt på det såkalla Bondestortinget frå 1833.

  1. Sandnes, J. 1970:29.