Bjørkedal kystlag: Forskjell mellom sideversjoner
(flyttar setning) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 15: | Linje 15: | ||
<gallery> | <gallery> | ||
Image:Bjørkedal båtsamling.jpg|Båtsamlinga | Image:Bjørkedal båtsamling.jpg|Båtsamlinga | ||
Image: | Image:Troll og Nordlys Ulsteinvik 2011.JPG|Troll og Nordlys, Trebåtfestivalen Ulsteinvik 2011 | ||
Image:Skog_og_handverksdag.JPG|Skog- og handverksdag i Bjørkedal båtsamlingar 25. august 2012 | Image:Skog_og_handverksdag.JPG|Skog- og handverksdag i Bjørkedal båtsamlingar 25. august 2012 | ||
</gallery> | </gallery> |
Sideversjonen fra 27. mar. 2014 kl. 18:07
Mal:Thumb høyre Bjørkedal kystlag er ei foreining som vart stifta i 1994 for å samle inn og ta vare på båtar bygde i Bjørkedalen i Volda. Båtane er no samla i Bjørkedal båtsamling på Søre Bjørkedalen. Bjørkedal kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN.
Laget har utvida verksemda til å dreie seg om å ta vare på og bruke forskjellige delar av kystkulturen på Sunnmøre. Båtsamlinga vart i 2007 utskilt som eige lag med ansvar for dei av båtane som ikkje er sjødyktige. I tillegg til tradisjonelle båtar har samlinga ei operativ oppgangssag.
Kystlaget kjøpte i 2008 MK Nordlys, bygd 1943, 49 fot og konsentrerer aktiviteten sin kring dette fartøyet.
I Forbundet KYSTENs kampanjen Adopter et kystkulturminne har Bjørkedal kystlag adoptert BÅTDRAGING som sitt kystkulturminne. Heile prosessen med å få båten frå skotet til sjøen, inkludert historia om korleis Bjørkedalen fekk statlig løve til veg, bru og båtvogn på 1880-tallet.
Nokre av båtane som Bjørkedal kystlag har registrert i tradisjonsbåtregisteret er «Borgundfjording», «Hjørundfjordbåten» og «Håkon».
Bilde frå Bjørkedal båtsamling
Filmar frå youtube
Kjelder
- Plakater ved Bjørkedal båtsamling avfotografert april 2010
- Årsmeldingar o.a. på heimesida til laget