Bjorli stasjon: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 25: | Linje 25: | ||
[[Kategori:Jernbanestasjoner]] | [[Kategori:Jernbanestasjoner]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1921]] | [[Kategori:Etableringer i 1921]] | ||
{{nn}} | |||
{{artikkelkoord|62.2600313|N|8.1987471|Ø}} |
Sideversjonen fra 27. apr. 2021 kl. 14:13
Bjorli stasjon er den største på Raumabanen, Den vart opna 19. oktober 1921 etter å ha vore under arbeid sidan 1918, og var endestasjon fram til banen nådde Åndalsnes i 1924. Det vart derfor bygd svingskive, sidespor, lokomotivstall og vasstårn, og seinare restaurant.
Stasjonen ligg 574,7 moh., og fallet frå høgaste stasjonen på banen, Dombås, er berre 84,6 m på 56,8 km. Kostnaden ved bygginga var kr. 117.062, utført med 26883 arbeidstimar.
Dei somrane det var grusing på banen vart det ekstra trafikk på Bjorli, for grusen vart henta i eiga grusgrup her. Om vintrane var det stor aktivitet med snørydding, ikkje berre på stasjonen, men òg i sjeringane vest for Bjorli.
Bjorli vart ein viktig stasjon for Eikesdalen. Bøndene der førte slaktefeet over fjellet og kunne sende det vidare med tog.
Bilde
Litteratur og kjelder
- Bjerke Tor m.fl. (1994): Banedata '94 : data om jernbanene i Norge : banestrekninger, ekspedisjonssteder mv. Norsk jernbaneklubb, Forskningsgruppen Mal:Bokhylla side 68f.
- Einbu, Audun 1994: «Raumabana». I Årsskrift for Lesja historielag s. 57f.
- Normann, Andreas (1994): Raumabana. Rauma folkebibliotek. Mal:Bokhyllaside 133 - 142.
- Stasjonsdatabasen, Bjorli
Koordinater: 62.2600313° N 8.1987471° Ø