Dombås stasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dombås stasjon fotografert frå nordgåande tog.
Foto: Olve Utne (2008).

Dombås stasjon vart opna i 1913, då Dovrebanen vart lengd frå Otta til Dombås. Han er også endestasjon for Raumabanen. Strekninga vidare over Dovrefjell opna i 1921.

I 1924 overtok Norsk Spisevognselskap driften av jernbanerestauranten.

Ut frå stasjonen går Dovrebanen og Raumabanen i kvart sitt tunnelløp mot nord og vest. Ved stasjonen finst det og lokomotivstall og svingskive.

Dagens stasjonsbygning er oppført i mur 1941, etter teikningar av Harald Kaas. Den fyrste, i tre, brann ned 23. april 1940, etter eit tysk bombeåtak.

Stasjonen ligg på 659 moh, 343,04 km fra Oslo S.

Kjelder

Koordinater: 62.0687° N 9.12552° Ø