Buplass i Nørdre Bolla, Skjåk
Hopp til navigering
Hopp til søk
I sørhellinga på fjellet Nørdre Bolla i Skjåk er det restar etter to overnattingsstader av herbør-typen tett ved kvarandre. Den nyaste vart etter Mølmen 1988 bygd av romsdalingar i 1924 og var i bruk dei neste åra til reinen forsvann frå området.
Berre nokre meter frå denne buplassen syner det tydeleg tuft, om lag 2 x 3 meter, etter ein mykje eldre konstruksjon (ikkje nemnt av Mølmen 1988), sjå bilde.
Litteratur
- Mølmen, Øystein 1988: Jakt- og fangstkulturen i Skjåk og Finndalsfjellet. Skjåk kommune, s. 137.
Koordinater: 62.13009° N 7.88764° Ø