Bygd og Bonde

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. feb. 2011 kl. 13:27 av Vidariv (samtale | bidrag) (bilete)
Hopp til navigering Hopp til søk
Omslag til Bygd og Bonde frå 1919

Bygd og Bonde var eit årsskrift for historie og folkeminne som kom ut med 10 årgangar i tidsrommet 1919-1928. Det er særprega av den vitskaplege standarden det var lagt opp til, med ei overvekt av fagfolk innan historie, jus, arkivkunnskap og folkeminnevitskap blant bidragsytarane.

Årsskriftet var utgjeve av regionale historielag i Hedmark og Oppland. Fyrste årgangen var det Oplands Historielag og Gudbrandsdal Historielag som stod bak. Båe desse laga var skipa i 1919 og med utgjevinga av Bygd og Bonde som eit hovudmotiv for organiseringa. Frå og med andre årgangen var dei nye laga Solør-Odals Historielag og Østerdalens Historielag komne med.

Iniativtakar og drivande kraft bak Bygd og Bonde var professor Oluf Kolsrud. Han var også den eine av to redaktørar alt medan årsskriftet kom ut. Medredaktør for dei to fyrste årgangane var Fredrik Scheel, statsarkivar på Hamar. Da han gjekk av som statsarkivar, overtok den nye statsarkivaren G.E. Christiansen som medredaktør i Bygd og Bonde, og var det til årsskriftet gjekk inn.

Vanskeleg økonomi var årsaka til at Bygd og Bonde opphøyrde etter 1928.


Kjelder og litteratur

  • 10 årgangar av Bygd og Bonde 1919-1928.
  • Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Landslaget for bygde- og byhistorie 50 år 6. juli 1970. Universitetsforlaget 1970