Bygdebok for Lesja/1 - tilleggsopplysningar: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 78: Linje 78:
===Banevoktarboligane, Bjorlie s. 106===
===Banevoktarboligane, Bjorlie s. 106===
Her manglar ein familie, Magnhild og Otto Vadet, sjå Gamel-Ysteriet, Lesja s. (83-2c), bd. 3 s. 153). Dei budde i eine voktarboligen i åra 1961-73.
Her manglar ein familie, Magnhild og Otto Vadet, sjå Gamel-Ysteriet, Lesja s. (83-2c), bd. 3 s. 153). Dei budde i eine voktarboligen i åra 1961-73.
===Sygard Rånå (4-3), s. 139===
Barn nr 2, Guri, kom kanskje til Kjellshus, Stavem (3-4).


===Rånålykkja (18-2), s. 154f===
===Rånålykkja (18-2), s. 154f===

Sideversjonen fra 24. mai 2011 kl. 08:39

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 1: Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (utgjeve 1987). Også retting av faktiske feil kan leggast inn her. Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen, og følg siderekkefølga i bøkene.

Det var særleg i bd. 1 det vart ein del feil i tilvisingane til dei to binda som ikkje var skrive da det første kom ut. Desse tilvisingane blir retta her.

Stuguflotten, hovudbruket (1-11), s. 41

Her er familiereferansen for Marie Pedersd. frå Nest-Tande feil, ho står under Oppistugu Nest-Tande (6-1), bd. 3 s. 79.

Nystugu, Stuguflotten s. 42

Innleiinga om garden: her manglar tilvising til kartet over garden; det står på s. 66.

Nystugu, Stuguflotten (3-8a), s. 44

Gjeld tredje barnet til Anne og Paul, Karl Anton f. 1875. Kona hans, Emilie Botten, var dotter til Martin Erlandss. f. 1855 på Botten, Åsen (69-3), bd. 2 s. 526. kona til bror hans, Albert f. 1880, Marie, var frå Søre Plassen (ikkje berre visstnok)[1].

Tangøye, Stuguflotten s. 45

Her manglar referanse til kvar ein finn bruket på kartet. Det skal stå kart s. 37.

Kleivstugu, Stuguflotten (7-3), s. 47

Her står det at kona på bruket, Kari Knutsd., må ha vore død før 1801. Men det er meir sannsynleg at forfattaren har oversett at det var ei Kari Knutsd. som innerst på føderåd på hovudbruket i 1801 hjå systera Brit som var enkje etter brukaren og hadde føderåd.

Øvre Stuguflotten (8-1), s. 48

Jøda Pålsd. frå Oppå Sør-Einbu var f. 1798, sjå s. 258.

Øvre Stuguflotten (8-2), s. 48

Her skal det stå at Mari Toresd. f. 1817 (ikkje 1821) kom frå Ommundgardsbakken, Joramoen (72-7), bd. 3 s. 775. Mannen, Ola Niklass. f. 1818, fekk òg ei dotter etter Mari døydde, sjå Martinlykkja, Hattrem (19-2a), bd. 3 s. 254.

Kartfesting av plassar under Stuguflotten og Nystugu, s. 48-50

Bjorlie inntil 1720-åra (1-3c), s. 61

Gjeld kona til Johannes, Marit Pålsd. f. ca 1648. Ho kom frå Ekra, Bjøkne (11-1), bd. 2 s. 245.

Bjorlie inntil 1720-åra (1-4), s. 61

Gjeld andre ektemannen til Eli, Ola Endress.. Han kom frå Nistugu Hågå (2-3), bd. 2 s. 716.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-3b), s. 64

Syver Tostenss. f. 1752 kom frå Ekra, Bjøkne (11-4), bd. 2 s. 246.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-5b), s. 64

Lars Bjertess. kom frå Søre Rudi (8-2b), bd. 2 s. 435.

Koia, Bjorlie (4-2), s. 71

Kona til Jon Hanss., Brit Jonsd. f. ca. 1756, kom frå Nørdre Mosenden (2-1), bd. 2 s. 35.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-3a) s. 73

Trond Tjøstolss. f. 1776 kom frå Jønson-Brenna, Tordhol (22-1), bd. 2 s. 381. Sonen Syver f. 1808 kom til Storhjellen under Brue i Grytten.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-4) s. 74

Barn nr 2, Marit f. 1858, gift 1889 i i Bakke prg., Trondheim med Nils Martin Ovesen f. 1865 på Opphaug, Ørlandet, kontorist ved Rotvoll sinnsjukeasyl.[2]

Barn nr 4, Sirianna f. 1866, gift 1891 i Bakke prg., Trondheim med Halvor Johan Eggen f. 1859 på Lade i Strinda, politibetjent.[3]

Tuftan, Bjorlie (7-1) s. 77

Barn nr 3, Anne f. 1831, sjå Bakken, her (3-9).

Systugu Bjorlie (11-1), s. 91-92 og Bjorli Samlingshus (32-3) s. 107

Mor til Elias f. 1851, Sigrid Tostensd., kom frå Berget, Bjorlie (5-3b).

Yngste jenta i Systugu, Jensine Marie Syversd., g.m. Jens Mathias Bjorli, var f. 1871.

Dersy Bjorlie (12-1), s. 93

Første brukaren, Ola Sveinss., kom frå Søre Bottemsbrekka (29-5), bd. 3 s. 591.

Ljosbakken, Bjorlie (15-2), s. 99

Eldste sonen, Bjerte f. 1829, sjå Nørdre Kloppadalen, Tordhol (26-1), bd. 2 s. 383.

Bøverheim, Bjorlie (17-1), s. 101

Anton Pauls. f. 1875 kom frå Engebretlykkja, Hattrem (20-2), bd. 3 s. 255.

Bjorli skule (18-4), s. 101

Gyda Brækken f. 1900 kom frå Øvre Joramoen 877-3), bd. 3 s. 779.

Stasjonsboligen, Bjorlie (27-3), s. 105

Familien til Marie og Sigurd Løken står òg under Lesja stasjon, bd. 3 s. 150, der Sigurd var stasjonsmeister 1921-24.

Banevoktarboligane, Bjorlie s. 106

Her manglar ein familie, Magnhild og Otto Vadet, sjå Gamel-Ysteriet, Lesja s. (83-2c), bd. 3 s. 153). Dei budde i eine voktarboligen i åra 1961-73.

Sygard Rånå (4-3), s. 139

Barn nr 2, Guri, kom kanskje til Kjellshus, Stavem (3-4).

Rånålykkja (18-2), s. 154f

Barn nr 1, Anne f. 1820 og sonen Iver f. 1849, sjå denne tråden i Slektsforum.

Einbu s. 199

Her har det falle ut ein bustad som skulle stått som Nyare bustad under Einbu, og da altså på s. 199. Det gjeld eit tømrahus som står ovafor Tjørnslette framleis (ho er påført på kartet s. 180 med namnet Endrestadstugu). No er det hytte, men stugu var bustad for Syver Endrestad f. 1869 i Sel, d. 1950 på gamleheimen på Hauje truleg frå kring 1910 til sist i 1940-åra[4].

Sy Kvam (5-8), s. 224

Gjeld femte barnet til Anne og Jakob, Marit f. 1853. I USA vart ho i 1873 gift med Ola Johanness. frå Oppå Sør-Einbu (13-8) (Ole Johanson Eneboe i USA). Ho døydde i 1937. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Iverstugu - Kvamslykkje (28-1), s. 239

Barn nr 2 Johannes f. 1849, gift 1882 i Bakke prg. i Trondheim med Olive Margrete Kristiansd. f. 1861 på Ytterøya.[5]

Oppå Sør-Einbu (13-8), s. 258

Gjeld tredje barnet til Jøda og Johannes, Ola f. 1840. Det er rett det som står om han, men kona, Marit Kvam, som står som ukjent, var dotter til Anne og Jakob i Sy Kvam (5-8) f. 1853, d. 1937. Ola nytta forma Ole Johanson Eneboe i USA. Han døydde i 1902. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Soltun, Lesjaskog sentrum, Strande (15-1), s. 313

Arnfinn Kjelland vart samb. med Grete Marry Brøste i 1987. Sjå Brattbakken, Lesja sentrum (61-2a), bd. 3 s. 144f. Grete flytte òg til Volda, arb. som studiekoordinator på Høgskulen. Gifte 2008.

Sørpå Enstad (6-2), s. 347

Kona Brit Larsd. frå Kleivstugu var f. 1750, sjå s. 47.

Verket, innleiinga s. 573

Her manglar sidetilvising til kvar det er omtale av dei gamle verksplassane. Skal stå «Dei er ført samla nedafor s. 626ff.».

Referansar

  1. Brev frå Peder Nystuen, USA, i bygdebokarkivet
  2. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 7.
  3. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 64.
  4. Sæther, Ingunn Enebo 2009: Om Syver Endrestad på Lesjaskog. Årsskrift for Lesja historielag s. 97f
  5. Kyrkjeboka, permanent sidelenke, løpenr 29.