Bygdebok for Lesja/1 - tilleggsopplysningar

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. des. 2009 kl. 12:07 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 1: ''Gards og slektshistorie for Lesjaskogen'' (utgjeve 1987). Gje opp referanse til g...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 1: Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (utgjeve 1987). Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen.

Sy Kvam (5-8), s. 224

Gjeld femte barnet til Anne og Jakob, Marit f. 1853. I USA vart ho i 1873 gift med Ola Johanness. frå Oppå Sør-Einbu (13-8) (Ole Johanson Eneboe i USA). Ho døydde i 1937. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Oppå Sør-Einbu (13-8), s. 258

Gjeld tredje barnet til Jøda og Johannes, Ola f. 1840. Det er rett det som står om han, men kona, Marit Kvam, som står som ukjent, var dotter til Anne og Jakob i Sy Kvam (5-8) f. 1853, d. 1937. Ola nytta forma Ole Johanson Eneboe i USA. Han døydde i 1902. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.