Bygdebok for Lesja/1 - tilleggsopplysningar

Denne sida kan nyttast til å gje tilleggsopplysningar til informasjonen i Bygdebok for Lesja bind 1: Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (utgjeve 1987). Også retting av faktiske feil kan leggast inn her. Gje opp referanse til gard, bustad, familienummer og sidetal og kjelde for informasjonen, og følg siderekkefølga i bøkene.

Det var særleg i bd. 1 det vart ein del feil i tilvisingane til dei to binda som ikkje var skrive da det første kom ut. Desse tilvisingane blir retta her.

Stuguflotten, hovudbruket (1-11), s. 41

Her er familiereferansen for Marie Pedersd. frå Nest-Tande feil, ho står under Oppistugu Nest-Tande (6-1), bd. 3 s. 79.

Nystugu, Stuguflotten s. 42

Innleiinga om garden: her manglar tilvising til kartet over garden; det står på s. 66.

Nystugu, Stuguflotten (3-8a), s. 44

Gjeld tredje barnet til Anne og Paul, Karl Anton f. 1875. Kona hans, Emilie Botten, var dotter til Martin Erlandss. f. 1855 på Botten, Åsen (69-3), bd. 2 s. 526. kona til bror hans, Albert f. 1880, Marie, var frå Søre Plassen (ikkje berre visstnok)[1].

Tangøye, Stuguflotten s. 45

Her manglar referanse til kvar ein finn bruket på kartet. Det skal stå kart s. 37.

Kleivstugu, Stuguflotten (7-3), s. 47

Her står det at kona på bruket, Kari Knutsd., må ha vore død før 1801. Men det er meir sannsynleg at forfattaren har oversett at det var ei Kari Knutsd. som innerst på føderåd på hovudbruket i 1801 hjå systera Brit som var enkje etter brukaren og hadde føderåd.

Øvre Stuguflotten (8-1), s. 48

Jøda Pålsd. frå Oppå Sør-Einbu var f. 1798, sjå s. 258.

Øvre Stuguflotten (8-2), s. 48

Her skal det stå at Mari Toresd. f. 1817 (ikkje 1821) kom frå Ommundgardsbakken, Joramoen (72-7), bd. 3 s. 775. Mannen, Ola Niklass. f. 1818, fekk òg ei dotter etter Mari døydde, sjå Martinlykkja, Hattrem (19-2a), bd. 3 s. 254.

Kartfesting av plassar under Stuguflotten og Nystugu, s. 48-50

Bjorlie inntil 1720-åra (1-3c), s. 61

Gjeld kona til Johannes, Marit Pålsd. f. ca 1648. Ho kom frå Ekra, Bjøkne (11-1), bd. 2 s. 245.

Bjorlie inntil 1720-åra (1-4), s. 61

Gjeld andre ektemannen til Eli, Ola Endress.. Han kom frå Nistugu Hågå (2-3), bd. 2 s. 716.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-3b), s. 64

Syver Tostenss. f. 1752 kom frå Ekra, Bjøkne (11-4), bd. 2 s. 246.

Nørdre Bjorlie ca 1720 til 1840-åra (2-5b), s. 64

Lars Bjertess. kom frå Søre Rudi (8-2b), bd. 2 s. 435.

Koia, Bjorlie (4-2), s. 71

Kona til Jon Hanss., Brit Jonsd. f. ca. 1756, kom frå Nørdre Mosenden (2-1), bd. 2 s. 35.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-3a) s. 73

Trond Tjøstolss. f. 1776 kom frå Jønson-Brenna, Tordhol (22-1), bd. 2 s. 381. Sonen Syver f. 1808 kom til Storhjellen under Brue i Grytten.

Berget - Bjordal, Bjorlie (5-4) s. 74

Barn nr 2, Marit f. 1858, gift 1889 i i Bakke prg., Trondheim med Nils Martin Ovesen f. 1865 på Opphaug, Ørlandet, kontorist ved Rotvoll sinnsjukeasyl.[2]

Barn nr 4, Sirianna f. 1866, gift 1891 i Bakke prg., Trondheim med Halvor Johan Eggen f. 1859 på Lade i Strinda, politibetjent.[3]

Tuftan, Bjorlie (7-1) s. 77

Barn nr 3, Anne f. 1831, sjå Bakken, her (3-9).

Systugu Bjorlie (11-1), s. 91-92 og Bjorli Samlingshus (32-3) s. 107

Mor til Elias f. 1851, Sigrid Tostensd., kom frå Berget, Bjorlie (5-3b).

Yngste jenta i Systugu, Jensine Marie Syversd., g.m. Jens Mathias Bjorli, var f. 1871.

Dersy Bjorlie (12-1), s. 93

Første brukaren, Ola Sveinss., kom frå Søre Bottemsbrekka (29-5), bd. 3 s. 591.

Ljosbakken, Bjorlie (15-2), s. 99

Eldste sonen, Bjerte f. 1829, sjå Nørdre Kloppadalen, Tordhol (26-1), bd. 2 s. 383.

Bøverheim, Bjorlie (17-1), s. 101

Anton Pauls. f. 1875 kom frå Engebretlykkja, Hattrem (20-2), bd. 3 s. 255.

Bjorli skule (18-4), s. 101

Gyda Brækken f. 1900 kom frå Øvre Joramoen 877-3), bd. 3 s. 779.

Stasjonsboligen, Bjorlie (27-3), s. 105

Familien til Marie og Sigurd Løken står òg under Lesja stasjon, bd. 3 s. 150, der Sigurd var stasjonsmeister 1921-24.

Banevoktarboligane, Bjorlie s. 106

Her manglar ein familie, Magnhild og Otto Vadet, sjå Gamel-Ysteriet, Lesja s. (83-2c), bd. 3 s. 153). Dei budde i eine voktarboligen i åra 1961-73.

Jogarden, Bjorlie (42-2), s. 112

Barn nr 3 Anne var f. i 1831[4] og nr 4 Oline var f. i 1832[5]. Meir informasjon om familien finn ein i denne tråden.

Ukjente/uplasserte Bjorlie (52-4), s. 116

Rønnaug var frå Flitti (1-8), bd. 2 s. 331.

Nordpå Rånå (2-3), s. 130

Det var nok Hauje på Dovre `(ikkje Lesja) Marit og Haldog kjøpte i 1729. Sjå òg Bygdabok for Dovre bd. 2 s. 274.

Nigard Rånå s. 134

bruksdelingsskjemaet står på s. 127.

Sygard Rånå (4-3), s. 139

Barn nr 2, Guri, kom kanskje til Kjellshus, Stavem (3-4).

Lotten, Rånå (5-1), s. 142

Ein son Ola vart f. 1777 som barn nr 2.[6] Det var altså fem barn i familien.

Rånålykkja (18-2), s. 154f

Barn nr 1, Anne f. 1820 og sonen Iver f. 1849, sjå denne tråden i Slektsforum.

Ner-Brekka, Rånå (9-4), s. 151

Barn nr 4, Ole, 1882, sjå Ånsetdalen, Åsen (51-9), bd. 2 s. 511.

Ner-Brekka, Rånå (9-6), s. 152

Barn nr 2 Roar, 1952, sjå Nørdre Tråsådalen, Bottem (18-6), bd. 3 s. 583.

Sletta-Brekka, Rånå (21-2), s. 158

Christoffer f. 1829, sjå Nørdre Rånåhaugen (6-6).

Derburi - Ottarbrekka, Rånå (22-2), s. 159

Rønnaug Olsd. var frå Flitti (1-8).

Søre Lykkja, Rånå (24-1), s. 161

Erik Johanness. var frå Åvangen (1-9b).

Øygarden, Einbu (8-6b), s. 197

Informasjon om eldste son, Johannes f. 1869, i USA i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Einbu s. 199

Her har det falle ut ein bustad som skulle stått som Nyare bustad under Einbu, og da altså på s. 199. Det gjeld eit tømrahus som står ovafor Tjørnslette framleis (ho er påført på kartet s. 180 med namnet Endrestadstugu). No er det hytte, men stugu var bustad for Syver Endrestad f. 1869 i Sel, d. 1950 på gamleheimen på Hauje truleg frå kring 1910 til sist i 1940-åra[7].

Sy Kvam (5-8), s. 224

Gjeld femte barnet til Anne og Jakob, Marit f. 1853. I USA vart ho i 1873 gift med Ola Johanness. frå Oppå Sør-Einbu (13-8) (Ole Johanson Eneboe i USA). Ho døydde i 1937. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Furuhaugen, Kvam (15-1), s. 232

Litt meir informasjon om Agnes og Ola Mølmen i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Iverstugu - Kvamslykkje (28-1), s. 239

Barn nr 2 Johannes f. 1849, gift 1882 i Bakke prg. i Trondheim med Olive Margrete Kristiansd. f. 1861 på Ytterøya.[8]

Oppå Sør-Einbu (13-8), s. 258

Gjeld tredje barnet til Jøda og Johannes, Ola f. 1840. Det er rett det som står om han, men kona, Marit Kvam, som står som ukjent, var dotter til Anne og Jakob i Sy Kvam (5-8) f. 1853, d. 1937. Ola nytta forma Ole Johanson Eneboe i USA. Han døydde i 1902. Det står eit stykke om Marit og Ole og barna deira i Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 72.

Soltun, Lesjaskog sentrum, Strande (15-1), s. 313

Arnfinn Kjelland vart samb. med Grete Marry Brøste i 1987. Sjå Brattbakken, Lesja sentrum (61-2a), bd. 3 s. 144f. Grete flytte òg til Volda, arb. som studiekoordinator på Høgskulen. Gifte 2008.

Ner-Enstad (4-9b), s. 340f

Det er nok feil at denne familien flytte til Dovre, jfr dette innlegget på Slektsforum. Jøda vart altså gift opp att i 1804 med Kristen Olss. truleg frå Søre Veggum i Vågå (innlegg 2 av Knut Bryn).

Sørpå Enstad (6-2), s. 347

Kona Brit Larsd. frå Kleivstugu var f. 1750, sjå s. 47.

Søre Sør-Bjølverud (4-3), s. 412

Informasjon om denne familien, særleg banr nr 4, Tosten f. 1787, i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Ner-Bjølverud (12-7), s. 424

Gjeld barn nr 3, Kari, 1855. Ho var ifløgje denne tråden innlegg 15 og 17 død i 1943 og gift med Gunder Johnson Tuff (1843-1914). Foreldra hans var frå Veste Slidre. Kari var oldemor til presidentkandidat for republikanarane hausten 2011 Michelle Bachmann (f. Amble).

Søre Myre (1-1) s. 550

Om bakgrunnen for Fallei-slekta, sjå artikkel av Per B. Lilje: Fallei: Fra Belgia til Lesja via Sverige for 275 år siden i Årsskrift for Lesja historielag 2000 s. 55-60 og i denne tråden i Digitalarkivets debattforum.

Anleggsfolk, Lesjaverk s. (31-2a) s. 570

Meir informasjon om familien til Julie og Paul Ringstad i denne tråden på Slektsforum (innlegg nokså langt nede, dat. 10.12.2011).

Verket, innleiinga s. 573

Her manglar sidetilvising til kvar det er omtale av dei gamle verksplassane. Skal stå «Dei er ført samla nedafor s. 626ff.».

Endresplassen (1-3), s. 587

Dåpsinnføringa til Peder Mikalss. Thøring i mars 1751 i Ministerialbok nr. 4 (1743-1786), Oslo fylke, Oslo Domkirke / Vår Frelsers menighet, Fødte og døpte 1751, s. 243 nedst.

Meir informasjon om Peder og foreldra hans finn du i denne tråden på Slektsforum.

Arbeidsfolk ved Lesja jernverk (1-8a), s. 625

Meir informasjon om Jakob Maggo, sonen Johan pg andre med namnet Maggo i denne tråden på det gamle Brukarforum på Digitalarkivet. Også i denne tråden i det nye Brukerforumet er det mykje informasjon om Maggo-folk.

Referansar