Christopher Bruun: Forskjell mellom sideversjoner

Språkvask, presiseringar
(→‎Prest i Kristiania: lenkeretting)
(Språkvask, presiseringar)
Linje 100: Linje 100:
Når Bruun i Folkelige Grundtanker tek opp kvinnesaka, opererer han med ei treddeling av befolkninga. Det er «vi», som openbert er danningsborgarskapets menn. Så er det «kvinnene» eller gjerne «våre kvinner», som da er kvinner frå dei same danna samfunnssjikta. Den tredje viktige kategorien er «bøndene» som ikkje er kjønnsspesifiserte. I ein større samanheng framstår kanskje dette som ei noko mangelfull sosiologisk analyse. Men den verka sikkert innlysande relevant og adekvat hjå det publikumet han vende seg direkte til med dei opphavlege foredraga, dei unge herrar i Studentersamfundet.  
Når Bruun i Folkelige Grundtanker tek opp kvinnesaka, opererer han med ei treddeling av befolkninga. Det er «vi», som openbert er danningsborgarskapets menn. Så er det «kvinnene» eller gjerne «våre kvinner», som da er kvinner frå dei same danna samfunnssjikta. Den tredje viktige kategorien er «bøndene» som ikkje er kjønnsspesifiserte. I ein større samanheng framstår kanskje dette som ei noko mangelfull sosiologisk analyse. Men den verka sikkert innlysande relevant og adekvat hjå det publikumet han vende seg direkte til med dei opphavlege foredraga, dei unge herrar i Studentersamfundet.  


Kvinnene og bøndene særleg, men også menn frå danningsborgarskapet, var i følgje Bruun avskorne frå å oppnå sann, nasjonal danning. Det kom seg fyrst og fremst av den framherskande importerte og kunstige intellektualiteten som prega latinskulen og universitetsstudiane. Dette høvde dårleg for norske menn av intelligentsiaen, men enda mindre for bøndene, sjølvsagt, og også for  kvinnenes sinnsvesen og intellektuelle kapasitet. Han formulerer det slik:
Kvinnene og bøndene særleg, men også menn frå danningsborgarskapet, var i følgje Bruun avskorne frå å oppnå sann, nasjonal danning her i vårt kulturelt usjølvstendige fedreland. Det kom seg fyrst og fremst av den framherskande importerte og kunstige intellektualiteten som prega latinskulen og universitetsstudiane. Denne abstrakte og formalistiske klassiske danninga høvde dårleg for norske menn av intelligentsiaen, men enda mindre for bøndene, sjølvsagt, og også for  kvinnenes sinnsvesen og intellektuelle kapasitet. Han formulerer det slik:


:«Som nutidens tænkning staar hjælpeløs overfor menneskeslegtens mængde, saa viser den en lignende afmagt ogsaa inden dannelsesverdenen selv overfor alle dem som ere mer umiddelbart og barnligt anlagt. Og dette er da tilfældet, foruden med adskillige mænd, med de aller fleste og vel de aller bedste kvinder. Tænkningen har yderst vanskelig for at tale et sprog, som selv høit begavede kvinder kan fatte. De er som dømte til at staa udenfor alt det, som mænd tænker paa og arbeider for. De skal tilbringe sit liv i aandsforlathed og mørke.»  
:«Som nutidens tænkning staar hjælpeløs overfor menneskeslegtens mængde, saa viser den en lignende afmagt ogsaa inden dannelsesverdenen selv overfor alle dem som ere mer umiddelbart og barnligt anlagt. Og dette er da tilfældet, foruden med adskillige mænd, med de aller fleste og vel de aller bedste kvinder. Tænkningen har yderst vanskelig for at tale et sprog, som selv høit begavede kvinder kan fatte. De er som dømte til at staa udenfor alt det, som mænd tænker paa og arbeider for. De skal tilbringe sit liv i aandsforlathed og mørke.»  


Det er såleis  gode grunnar til opprørske tendensar i samfunnet og til «vore dages raab paa kvindens ”emancipation”». Men den som kjenner plaga på kroppen og skrik ut om det, er ikkje nødvendigvis den rette til å føreskrive medisinen. Kvinnesaka som ho framstod i samtida, var forfeila. For «saa overtydet som jeg er om kvindens rige evner og om, at hun kan og bør blive noget langt mer, end hun er, saa tror jeg dog ikke, at hun nogensinde vil kunde drive det vidt i det at være mand […] Ikke at være mænd, men at forstaa mænd, at følge mænd, er det kvindene er skabt til.» Og om ikkje for anna så av den grunn, bør kvinna å få tilgjenge til «tankeverdenen og lyset», men det vil ''ikkje'' skje ved å sleppe dei til i latinskulen.  
Det er såleis  gode grunnar til dei opprørske tendensane Bruun ser i samfunnet kring seg og til «vore dages raab paa kvindens ”emancipation”». Men den som kjenner plaga på kroppen og skrik ut om det, er ikkje nødvendigvis den rette til å føreskrive medisinen. Kvinnesaka som ho framstod i samtida, var forfeila. For «saa overtydet som jeg er om kvindens rige evner og om, at hun kan og bør blive noget langt mer, end hun er, saa tror jeg dog ikke, at hun nogensinde vil kunde drive det vidt i det at være mand […] Ikke at være mænd, men at forstaa mænd, at følge mænd, er det kvindene er skabt til.» Og om ikkje for anna så av den grunn bør kvinna å få tilgjenge til «tankeverdenen og lyset», men det er fåfengt å tru at dette vil skje ved å sleppe dei til i latinskulen.  


Det kvinnelege vesen har vitterleg visse fortrinn framfor mannen: «Hun eier det faste fodfæste i virkeligheden, som alt for let vil glide bort under fødderne paa den tænkende mand. Hun vil styrke os netop der, hvor vi er svagest.» Ved å dyrke si eigenart og ved å gje henne tilgjenge til den rette nasjonale danning, ville kvinna bli dyktiggjort til å bli sin manns følgje og til «at opdrage sine sønner til mænd».
Det kvinnelege vesen har vitterleg visse fortrinn framfor mannen: «Hun eier det faste fodfæste i virkeligheden, som alt for let vil glide bort under fødderne paa den tænkende mand. Hun vil styrke os netop der, hvor vi er svagest.» Ved å dyrke si eigenart og ved å gje henne tilgjenge til den rette ''nasjonale'' danning, ville kvinna bli dyktiggjort til å vere sin manns følgje og til «at opdrage sine sønner til mænd».


Det er grunn til å tru at Bruuns utlegningar hadde betydeleg innverknad på den tidstypiske ideologiseringa av kjønnsrollene. Hans dyrking av mannlegdomen, inklusive den krigerske, fall godt inn i tida 1880-1940 – nasjonalismens, imperialismens, oppdagingsferdenes, ingeniøranes og rallarane si store tid. Hans oppfatningar om det grunnleggjande ulike kvinnelege og mannlege vesen finn ein direkte avspegla hjå diktarar som var direkte påverka av Bruun og folkehøgskuleideologien, som [[Olav Aukrust|Aukrust]], [[Tore Ørjasæter|Ørjasæter]] og [[Kristofer Uppdal|Uppdal]]. Via folkehøgskulane rokk ideologiseringa truleg også langt inn i Bygde-Noreg utanom diktarane sine rekkjer. Tilsvarande ideologi finn ein også hjå urbane forskjellsfeministar som [[Sigrid Undset]] og hjå vitalistar som [[Knut Hamsun]], men der er kanskje den moglege påverknaden frå Folkelige Grundtanker av meir indirekte art.
Det er grunn til å tru at Bruuns utlegningar hadde betydeleg innverknad på den tidstypiske ideologiseringa av kjønnsrollene. Hans dyrking av mannlegdomen, inklusive den krigerske, fall godt inn i tida 1880-1940 – nasjonalismens, imperialismens, oppdagingsferdenes, ingeniøranes og rallarane si store tid. Hans oppfatningar om det grunnleggjande ulike kvinnelege og mannlege vesen finn ein direkte avspegla hjå diktarar som var direkte påverka av Bruun og folkehøgskuleideologien, som [[Olav Aukrust|Aukrust]], [[Tore Ørjasæter#Mann og kvinne, mann og kone|Ørjasæter]] og [[Kristofer Uppdal|Uppdal]]. Via folkehøgskulane rokk ideologiseringa truleg også langt inn i Bygde-Noreg utanom diktarane sine rekkjer. Tilsvarande ideologi finn ein også hjå urbane forskjellsfeministar som [[Sigrid Undset]] og hjå vitalistar som [[Knut Hamsun]], men der er kanskje den moglege påverknaden frå Folkelige Grundtanker av meir indirekte art.




Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer