Christopher Christopherson Leirdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jun. 2011 kl. 21:56 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Christopher Christopherson Leirdal''' (''Christopher Bakken'') (fødd 1710 i Hafslo, død 1790 i Luster) var gardbrukar i Jostedalen og Leirdalen (...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Christopherson Leirdal (Christopher Bakken) (fødd 1710 i Hafslo, død 1790 i Luster) var gardbrukar i Jostedalen og Leirdalen (Luster) i Sogn og Fjordane.

Christopher kom frå Nedre Kvam i Hafslo. Han vart gardbrukar i Bakken i Jostedalen hausten 1733 då han gifte seg Britha Larsdotter (ca 1705-ca 1785), enkja etter den føregåande brukaren Knut Guttormson Bakken. Farfar hennar var Lars Andersson Bakken som før hadde vore gardbrukar i Bakken.

Christopher og Britha vart buande i Bakken til kring 1750 då dei overtok eit bruk i Leirdalen.

Han var truleg lagrettemann, for namnet hans går att i fleire rettsdokument frå tida i Jostedalen. Mellom anna var han vitne på eit tingsvitne i 1735[1] og ein av seks lokale synsmenn under avtaksforretningane i Jostedalen i august 1742.[2]

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 375. (Digital utgåve, NBdigital)