Christopher Munthe

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. okt. 2010 kl. 16:19 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Christopher Munthe''' (fødd 1688 i Vik, død 14. april 1754 i Hafslo) var sokneprest og jordeigar. Han var son av sokneprest Ludvig Christophersen Munthe i Vik i [[Sogn …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Munthe (fødd 1688 i Vik, død 14. april 1754 i Hafslo) var sokneprest og jordeigar. Han var son av sokneprest Ludvig Christophersen Munthe i Vik i Sogn og Fjordane.

Etter teologisk embetseksamen vart Munthe 1713 personleg kapellan i Hafslo i Sogn og Fjordane. 24. mars 1721 vart han utnemnt til sokneprest etter å ha selt eigedomane sine til Årdal koparverk.

I naboprestekallet Jostedalen var det jamleg vakansar mellom 1731 og 1742, og Munthe er iallfall registrert som vikarprest der i 1738.

Munthe var ein særs rik mann og ein stor jordeigar, og han åtte gardar og gardpartar over heile indre og tildels ytre Sogn. Mest åtte han i Hafslo og Luster prestegjeld, og han åtte dei fleste gardane i Jostedalen. I tida si som jordeigar i Jostedalen selde han ingen av gardane (Sjå [Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800]). I 1724 kjøpte han alle fem kyrkjene med tilhøyrande kyrkjegods i Hafslo prestegjeld på auksjon.

Christopher Munthe og kona Christine Ørbech (ca 1690-1741) fekk 10 born, mellom anna:

  • Margrethe Munthe (1716-1773)
  • Ludvig Munthe (1717-1785), proprietær, Årøy i Sogndal
  • Jens Munthe (1719-1813), kapellan i Luster
  • Gerhard Munthe (1726-1785), kaptein, Kroken
  • Anne Munthe (1728-1794), Halsnøy

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 21-22. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 233. (Digital utgåve)



Forgjengar:
 Rasmus Wibye 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hans J. Grøn