Credo Brass: Forskjell mellom sideversjoner
m (kategorisplitting) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Credo Brass]]''' er eit musikkorps i [[Sykkylven kommune]]. Det kom i gang som eit orkester med messingblåsarar i 1936. | '''[[Credo Brass]]''' er eit musikkorps i [[Sykkylven kommune]]. Det kom i gang som eit orkester med messingblåsarar i 1936 under namnet Hornmusikken på Bedehuset. Korpset hadde utgangspunkt i det lokale misjonsmiljøet. Korpset kom i gang med seks blåseinstrument som misjonær [[Martin Andestad]] brukte i Kina, og ein Martin-kornett som [[Edvard Skotte]] kjøpte i USA i 1911. Sonen til Edvard, [[Reidar Skotte]], var i 1936 den yngste medlemen i korpset, og 11 år gamle Reidar fekk spele på kornetten til faren. | ||
Reidar Skotte har fortalt at dei fekk øve såpass mykje den første hausten at dei våga å opptre på den årvisse julefesten på Bedehuset. Ingen hadde fortalt dei at dei måtte varme opp før dei skulle spele, og då var det lett å sprekke. Reidar fortel: «Vi knalla åt med ein gong, og eg måtte kike opp i taket på dei høgaste tonane!» | Reidar Skotte har fortalt at dei fekk øve såpass mykje den første hausten at dei våga å opptre på den årvisse julefesten på Bedehuset. Ingen hadde fortalt dei at dei måtte varme opp før dei skulle spele, og då var det lett å sprekke. Reidar fortel: «Vi knalla åt med ein gong, og eg måtte kike opp i taket på dei høgaste tonane!» | ||
Linje 5: | Linje 5: | ||
Mange av musikarane i Credo Brass er også med i [[Credo Vokal]]. Også koret har ein eldre forløpar. Det kom i gang som Brødrekoret om lag på same tid som misjonskorpset vart etablert. Kor og korps var med på sitt første stemne saman i 1938, då dei reiste til Hope-stemnet på [[Verma]]. Transporten gjekk på to lastebilar, med nokre sete på lasteplanet. | Mange av musikarane i Credo Brass er også med i [[Credo Vokal]]. Også koret har ein eldre forløpar. Det kom i gang som Brødrekoret om lag på same tid som misjonskorpset vart etablert. Kor og korps var med på sitt første stemne saman i 1938, då dei reiste til Hope-stemnet på [[Verma]]. Transporten gjekk på to lastebilar, med nokre sete på lasteplanet. | ||
Korpset hadde pause frå 1941–1949, og kom då i gang under namnet [[Sykkylven misjonskorps]]. Dei sjølvlærte musikantane fekk instruktørhjelp, og spela mykje etter notar frå [[Frelsesarmeen]] sitt repertoar. Etter ein ny pause kom korpset i gang att i 1985, då under namnet Credo Brass. I 2011 | Korpset hadde pause frå 1941–1949, og kom då i gang under namnet [[Sykkylven misjonskorps]]. Dei sjølvlærte musikantane fekk instruktørhjelp, og spela mykje etter notar frå [[Frelsesarmeen]] sitt repertoar. Etter ein ny pause kom korpset i gang att i 1985, då under namnet Credo Brass. I 2011 hadde korpset 11 medlemer. Dei møtest kvar måndag for å øve på både korpsmusikk og song. Dei har frå 1985 opptrådt ved mange ulike arrangement i Sykkylven, både ved verdslege konsertar og i samband med kristelege møte og stemne. | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
* Sunnmørsposten 10.6.2011 | * Sunnmørsposten 10.6.2011 | ||
* Eldar Høidal i samtale med Reidar Skotte, 2016. | |||
[[Kategori:Musikkorps]] | [[Kategori:Musikkorps]] |
Sideversjonen fra 25. sep. 2016 kl. 16:53
Credo Brass er eit musikkorps i Sykkylven kommune. Det kom i gang som eit orkester med messingblåsarar i 1936 under namnet Hornmusikken på Bedehuset. Korpset hadde utgangspunkt i det lokale misjonsmiljøet. Korpset kom i gang med seks blåseinstrument som misjonær Martin Andestad brukte i Kina, og ein Martin-kornett som Edvard Skotte kjøpte i USA i 1911. Sonen til Edvard, Reidar Skotte, var i 1936 den yngste medlemen i korpset, og 11 år gamle Reidar fekk spele på kornetten til faren.
Reidar Skotte har fortalt at dei fekk øve såpass mykje den første hausten at dei våga å opptre på den årvisse julefesten på Bedehuset. Ingen hadde fortalt dei at dei måtte varme opp før dei skulle spele, og då var det lett å sprekke. Reidar fortel: «Vi knalla åt med ein gong, og eg måtte kike opp i taket på dei høgaste tonane!»
Mange av musikarane i Credo Brass er også med i Credo Vokal. Også koret har ein eldre forløpar. Det kom i gang som Brødrekoret om lag på same tid som misjonskorpset vart etablert. Kor og korps var med på sitt første stemne saman i 1938, då dei reiste til Hope-stemnet på Verma. Transporten gjekk på to lastebilar, med nokre sete på lasteplanet.
Korpset hadde pause frå 1941–1949, og kom då i gang under namnet Sykkylven misjonskorps. Dei sjølvlærte musikantane fekk instruktørhjelp, og spela mykje etter notar frå Frelsesarmeen sitt repertoar. Etter ein ny pause kom korpset i gang att i 1985, då under namnet Credo Brass. I 2011 hadde korpset 11 medlemer. Dei møtest kvar måndag for å øve på både korpsmusikk og song. Dei har frå 1985 opptrådt ved mange ulike arrangement i Sykkylven, både ved verdslege konsertar og i samband med kristelege møte og stemne.
Kjelde
- Sunnmørsposten 10.6.2011
- Eldar Høidal i samtale med Reidar Skotte, 2016.