Dagsgardsøygarden (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. okt. 2010 kl. 19:12 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{Infoboks gard | bgfarge = | navn = Dagsgardsøygarden | bilde = | bildestr = | bildetekst = | altnavn = Hov engeland | førstnevnt …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagsgardsøygarden
Alt. navn: Hov engeland
Først nevnt: 1661
Rydda: Førkristen tid?
Sted: Øygardane i Nordberg
Fylke: Oppland
Kommune: Skjåk
Gnr.: 93
Ant. bruksnr.: 34 bruksnummer, derav 9 gardsbruk

Dagsgardsøygarden (gnr. 93) er ein matrikkelgard i Skjåk, i grenda Øygardane i Nordberg sokn. I matrikkelen er gardsnummeret namnet Hov engeland. Det namnet kan indikere at staden har ei busetjingshistorie som går attende til heidensk tid, medan «Dagsgardsøygarden» er ein leivning etter Svartedauden – øydetida etter 1350. Det var øydegarden som tilhøyrde Dagsgard. I aust grensar matrikkelgarden mot Hovkvea, som er skilt ut frå Uppigard Skjåk, og mot skogteigar som framleis tilhøyrer den garden på Skjåkstronda. I vest går grensa mot Nyhus (gnr. 94 Plassen) og Nyhus (gnr 95 Stubbsletten) og mot Skjåk Almenning eller bruk som er skilde ut frå ålmenninga. I sør grensar Dagsgardsøygarden mot snaufjellet og i nord mot storelva Otta. Nordberg kyrkje er bygd på grunn som er utskild frå Dagsgardsøygarden.


Bruksdeling

Gardsnummer 93 omfattar i dag 34 bruksnummer, og består av fleire gardsbruk og ei rekkje mindre eigedomar. Fleire av bruksnummera er fråskilde parsellar utan bustader på, eller eldre småbruk som har gått inn i andre gardar.

Dei einingane som i dag er gardsbruk, er desse (dekar dyrka jord i parentes, henta frå Norske Gardsbruk 1998).

  • Bnr. 1 Dagsgardsøygarden søre (55 da)
  • Bnr. 2 Dagsgardsøygarden nørdre (48 da)
  • Bnr. 3 Dagsgardsøygarden midtre (Meøygarden) (68 da)
  • Bnr. 4 Bøland (Dagsgardsøygarden) (42 da)
  • Bnr. 5 Knutsøygarden (Teigen) (53 da)
  • Bnr. 7 og 9 Åbue øvre (59 da)
  • Bnr. 8 og 12 Åbusmoen (36 da)
  • Bnr. 10 og 11 Åbue nedre (53 da)
  • Bnr. 22 Hoff (Søre Dagsgardsøygarden) (57 da)


Ressursgrunnlag og drift

Gardane under gnr. 93 ligg på eit belte av bresjøavsetningar av sand og silt, med lite brukelege, grove breavsetningar i ei rand ned mot elva. Jorda er flate og jamt over med fin halling, men ein del strekningar kan bli utsett for overvintringsskade på enga (isbrann). Områda er noko utsett for frost vår og haust.

Jordarten stiller store krav til åkervatninga. Dagsgardsøygards- og Åbusgardane har teke vatnarvatn frå tverrelva Kvitinga. På ein stein ved vassinntaket i åa står årstalet 1747.

Gardane har/har hatt setrer på fleire ulike stular: Billingen, Tundradalen, Skjellom, Nysetra, men dei opplysningane vi har om seterdrifta, går ikkje lenger attende enn byrjinga på 1900-talet (1912).


Historie

Matrikkelnamnet Hov engeland dukkar opp i matriklar og skattelister på 1600-talet som underbruk (engeland og vårseter) under Dagsgard. Oluf Rygh[1] foreslår at namnet Hov engeland tyder at staden tidlegare har høyrt til HoveRamstadstronda. Ei alternativ tolking er at namnet har samanheng med ein førkristen kultstad. Det er liten tvil om at stroket var busett i førkristen tid. Gardsnamn i nærleiken på austsida (Eiesar, Flekkøy og det forsvunne Skodin) viser det. På Eiesar, Prestgardsøygarden, Vetløygarden og Austin er det gjort gjenstandsfunn frå yngre jernalder. Rett vest for Dagsgardsøygarden er det ein enno ein synleg gravhaug. Gardsnamnet Åbue er også frå gammalnorsk tid (av àbuð i tydinga bustad).

Øygardane, grenda som vi reknar frå Flekkøy i vest til og med Plassen og Nyhus i vest, vart lagt heilt øyde i seinmellomalderen, derav grendenamnet. Somme opphavlege gardsnamn gjekk venteleg i gløymeboka, og dei fekk nye namn etter gardar i hovudsoknet som nå tok til å nytte jorda der til slåtteng og til beite vår og haust (Forbergsøygarden, Prestgardsøygarden, Grimstadøygarden, Skjåkøygarden og altså Dagsgardsøygarden).

«Hov engeland» vart altså nytta av Dagsgard. Iallfall frå midten av 1700-talet var det ein husmannsplass der, slik ein kontrakt frå 1751 viser. Innan 1802 (jordavgifta) har det kome tre gardbrukarar på staden, Hans Hansen, Erik Olsen, Hans Jakopsen. I folketeljinga 1825 er det oppført fire gardsbruk, og det er ein merknad i margen om at alle fire er fråkjøpt Dagsgard. Seinast på det tidspunktet, truleg ein generasjon før, er statusen som underbruk under Dagsgard over.


Kjelder og litteratur

Notar

Mal:Infoboks gardsbruk