Dalsida (Lesja)
Dalsida er ein lang seterdal på nordsida av hovuddalføret i Lesja og sør-sørvestsida av Dovrefjell. Dalen er dominert av elva Jore som kjem frå Lesjøtelet vest i Dovrefjellområdet og renn gjennom Skamsdalen og Dalsida ned til Gudbrandsdalslågen ved Joramoen.
De vestlege delen av Dalsida er dominert av kraftutbygging, Aura-utbygginga. Frå vasskiljet låg det opphavleg tre sjøar - Gautsjøen, Grynnigen og Aursjøen - som vart regulerte saman til eitt magasin i 1954.
På Dalsida er det følgjande setergrender, rekna sør-søraustfrå:
- Svartdalen
- Reindøl
- Filling
- Nysetre
- Skamsdalen
- Tandsetre
- Sjong
- Kvita
- Gåsbue
- Sørhella
- Grøven
- Geitavollen
- Setrane nørdst ved Aursjøen
Litteratur
- Einbu, Per og Arnfinn Kjelland 1988: Setrane i Lesja i teikning og tekst. Utg. A. Kjellands forlag a.s, og Lesja historielag
- Ulateig, Egil 2010: I hjartet av Norge. Fjellriket Dalsida. Lesja kommune