Davik kommune: Forskjell mellom sideversjoner
(→Kilder: wiki nn) |
(oppretting 1740) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''[[Davik]]''' er ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Sogn og Fjordane fylke]]. Kommunen strekte seg på båe sider av [[Nordfjorden]] mot [[Bremangerlandet]] i vest og [[Ålfotbreen]] i sør. | '''[[Davik]]''' er ein tidlegare sjølvstendig kommune i [[Sogn og Fjordane fylke]]. Kommunen strekte seg på båe sider av [[Nordfjorden]] mot [[Bremangerlandet]] i vest og [[Ålfotbreen]] i sør. | ||
Davik prestegjeld vart oppretta i 1740 då kyrkjesokna Davik, [[Rugsund]] og [[Ålfoten]] vart skilde ut frå [[Eid]] prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik. | |||
1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden [[Metteneset]] med 3 innbyggjarar, overført til [[Gloppen kommune]]. | 1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden [[Metteneset]] med 3 innbyggjarar, overført til [[Gloppen kommune]]. | ||
Linje 34: | Linje 36: | ||
* {{Juvkam 1999}} | * {{Juvkam 1999}} | ||
*[http://nn.wikipedia.org/wiki/Davik_kommune «Davik kommune»] (Wikipedia, nynorsk) | *[http://nn.wikipedia.org/wiki/Davik_kommune «Davik kommune»] (Wikipedia, nynorsk) | ||
*[http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Davik-kyrkja_l%C3%A5g_lenge_under_Eid Davik-kyrkja låg lenge under Eid] (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane) | |||
[[Kategori:Tidligere kommuner i Sogn og Fjordane]] | [[Kategori:Tidligere kommuner i Sogn og Fjordane]] |
Sideversjonen fra 19. mar. 2013 kl. 22:43
Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen strekte seg på båe sider av Nordfjorden mot Bremangerlandet i vest og Ålfotbreen i sør.
Davik prestegjeld vart oppretta i 1740 då kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten vart skilde ut frå Eid prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.
1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.
1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.
1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.
Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|
3400 | 3380 | 3658 | 3627 | 3594 | 3489 |
Fotnotar
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Davik kommune» (Wikipedia, nynorsk)
- Davik-kyrkja låg lenge under Eid (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)