Davik kommune: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
(overskrift, ordførar Eldevik) |
||
Linje 11: | Linje 11: | ||
Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med [[Eid kommune]] og delar av [[Hornindal kommune]] til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen. | Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med [[Eid kommune]] og delar av [[Hornindal kommune]] til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen. | ||
== Folketalsutvikling == | |||
'''Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:''' | '''Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:''' | ||
{|class="wikitable" | {|class="wikitable" | ||
Linje 29: | Linje 29: | ||
|- | |- | ||
|} | |} | ||
== Ordførarar == | |||
*[[Lars Eldevik]], kring 1890? | |||
== Fotnotar == | == Fotnotar == |
Sideversjonen fra 9. okt. 2014 kl. 09:03
Davik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen strekte seg på båe sider av Nordfjorden mot Bremangerlandet i vest og Ålfotbreen i sør.
Davik prestegjeld vart oppretta i 1740 då kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten vart skilde ut frå Eid prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.
1. januar 1913 blei ein del av Davik, garden Metteneset med 3 innbyggjarar, overført til Gloppen kommune.
1. januar 1964 blei Husevågøy, Grindøy, Gangsøy, Risøy og området nord for Nordfjorden austover til Levdal i kommunen slått saman med Sør- og Nord-Vågsøy kommunar og delar av Selje til den nye Vågsøy kommune. Desse delane av Davik hadde 1 216 innbyggjarar.
1. januar 1965 blei området sør for Nordfjorden og øyområda (bortsett frå øyane som året før gjekk inn i Vågsøy), i tillegg til det meste av Bremanger, slått saman til den nye Bremanger kommune. Dei delane av Davik som gjekk inn i Bremanger hadde 1 567 innbyggjarar.
Frå same dato gjekk området nord for Nordfjorden austover frå og med Levdal i Davik slått saman med Eid kommune og delar av Hornindal kommune til den nye Eid kommune. Det var 654 innbyggjarar frå Davik som gjekk inn i denne nye kommunen.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Davik kommune frå 1920 til 1964:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1964 |
---|---|---|---|---|---|
3400 | 3380 | 3658 | 3627 | 3594 | 3489 |
Ordførarar
- Lars Eldevik, kring 1890?
Fotnotar
Kjelder
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Davik kommune» (Wikipedia, nynorsk)
- Prestegjeld og sokn i Sogn og Fjordane (Arkivverket)
- Davik-kyrkja låg lenge under Eid (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)