Decorah

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 7. sep. 2018 kl. 07:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kat)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Decorah er ein by i Winneshiek County i delstaten Iowa i USA. Byen vart grunnlagt i 1849, og i løpet av 1850-åra utvikla staden seg til eit senter for norsk.-amerikansk kultur. I 1862 vart Luther College skipa der, og frå 1874 til 1972 var avisa Decorah-Posten ein av dei største norskspråkelege avisene i USA.

I juli kvart år haldast festivalen Nordic Fest i Decorah som ein feiring av norsk kultur og matskikk. Vesterheim Norwegian-American Museum ligg i byen, og er det største museet i USA som er vigd til ein einskild innvandrargruppe.

Namnet på byen kjem frå høvding Waukon Decorah frå Winnebago-stammen.

Litteratur