Det Norske Teatret

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2009 kl. 18:16 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Det Norske Teatret''' er eit teater i Oslo, som spelaer på nynorsk og ulike norske målføre. Det ble grunnlagd den 22. november 1912, med Hulda Garborg som første ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Norske Teatret er eit teater i Oslo, som spelaer på nynorsk og ulike norske målføre. Det ble grunnlagd den 22. november 1912, med Hulda Garborg som første styreformann.

Den første framsyninga fann ikkje stad i Oslo, men i Kristiansand. 2. januar 1913 starta skodespelarane ei spelferd der, og 6. oktober same år hadde dei si første framsyning i Oslo. Stykket var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett til nynorsk av Arne Garborg. Ved åpninga av teatret, som dei første åra heldt til i teatersalen hos Bondeungdomslaget i Oslo, var Haakon VII til stades.

I tida etter åpninga var det teaterslag i gata utafor. Riksmålsungdomar prøvde å stogge framsyningane, men klarde det ikkje. I 1948 var det òg protestar så teatret framførde Peer Gynt på nynorsk med musikk av Harald Sæverud.

Teatret heldt frå 1945 til 1985 til i Stortingsgata 16

I 1945 flytta teatret til andre lokalar i Stortingsgata 16. Bygningen hadde fra 1941 til 1944 husa Deutsches Theater, og scene og publikumsplasser sto derfor klare.

I 1985 fikk teatret så eit nytt bygg i Kristian IVs gate.

På papiret er teatret i privat eige, som einaste større teater i Noreg. Men sidan Det Norske Teatret LL mottek om lag 100 millionar årleg i tilskot peiker staten ut fleirtalet i styret. Den største eigaren i lutlaget er Bondeungdomslaget. Mållag, ungdomslag og privatpersoner over heile landet eig òg luter.

Litteratur