Diplomatarium Norvegicum: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 23: | Linje 23: | ||
[[Kategori:Kjeldeomtaler]] | [[Kategori:Kjeldeomtaler]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 09:06
Mal:Infoboks bok Diplomatarium Norvegicum : Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen, mest kjent under hovudtittelen Diplomatarium Norvegicum, er ei ordrett utgåve av det samla korpuset av mellomalderdiplom som vart skrivne i Noreg eller som omhandla norske tilhøve frå begynnelsen av den norrøne skriftkulturen til 1570.
Kommisjonen for Diplomatarium Norvegicum vart oppretta i 1846 etter pålegg frå Stortinget, og 1. bandet kom ut i 1847 med Chr.C.A. Lange og C.R. Unger som hovudredaktørar. Desse var òg hovudredaktørar for band 2–5 (1851–1861). 6.–15 (1864–1896) vart utgjevne av C.R. Unger i samarbeid med H.J. Huitfeldt-Kaas. 16. bandet vart utgjeve av H.J. Huitfeldt-Kaas i 1901 og utgjer det siste bandet i den opphavlege serien.
Sjølv om utgåva skal vera ei nøyaktig attgjeving av diploma på originalspråket, er det påvist mange feil — mange av dei alvorlege — ikkje minst i dei eldste banda. DN kan altså ikkje brukast kritikklaust.