Dorthea Møgster: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Dorthea Møgster''' (fødd i Austevoll kommune i 1905, døydde same stad i 1974) var utdanna diakonisse. Ho var den første folkevalde kvinnelege politikaren i Austevoll kommu...)
 
(Korr)
Linje 7: Linje 7:
I 1933 gifte ho seg med notbas og fiskebåtreiar [[Lars Olai Møgster]] (1905-1970), og dei fekk fem barn.
I 1933 gifte ho seg med notbas og fiskebåtreiar [[Lars Olai Møgster]] (1905-1970), og dei fekk fem barn.


Dorthea Møkster stemte [[Venstre]], men ho vart vald inn i kommunestyret på bygdelista for Kolbeinsvik krins. Særleg arbeidde ho for sosiale saker i kommunestyret. Mellom mykje anna jobba ho for at jenter som gjekk heime og stelte gamle og/eller sjuke foreldre, skulle oppnå trygde- og pensjonsrettar. Andre interessefelt var samferdsle og utdanning. Høve til vidareutdanning for ungdom i dårleg økonomiske kår var eitt av dei store hjartesakene hennar.
Dorthea Møkster stemte [[Venstre]], men ho vart vald inn i kommunestyret på bygdelista for Kolbeinsvik krins. Særleg arbeidde ho for sosiale saker i kommunestyret. Mellom mykje anna jobba ho for at jenter som gjekk heime og stelte gamle og/eller sjuke foreldre, skulle oppnå trygde- og pensjonsrettar. Andre interessefelt var samferdsle og utdanning. Høve til vidareutdanning for ungdom med dårleg økonomi var ei av dei store hjartesakene hennar.


==Kjelder og litteratur==
==Kjelder og litteratur==

Sideversjonen fra 20. apr. 2013 kl. 06:48

Dorthea Møgster (fødd i Austevoll kommune i 1905, døydde same stad i 1974) var utdanna diakonisse. Ho var den første folkevalde kvinnelege politikaren i Austevoll kommunestyre saman med Oline Marie Nordbø. Begge sat i kommunestyret frå 1948 til 1952.

Foreldra var gardbrukar Nils Olai Ingebrigtsen Storebø (1864-?) og Dorthea Andrine Kolbeinshavn (1871-?).

Dorthea Møgster utdanna seg til diakonisse, og arbeidde ved Kysthospitalet i Hagavik i Os kommune og ved Betanien sjukehus i Bergen. Seinare var ho menighetssøster i fleire år i Møkster kyrkjesokn i Austevoll. Frå 1954 til 1964 var styreformann ved Austevoll aldersheim, og i fleire periodar var ho medlem i sosialstyret i kommunen.

I 1933 gifte ho seg med notbas og fiskebåtreiar Lars Olai Møgster (1905-1970), og dei fekk fem barn.

Dorthea Møkster stemte Venstre, men ho vart vald inn i kommunestyret på bygdelista for Kolbeinsvik krins. Særleg arbeidde ho for sosiale saker i kommunestyret. Mellom mykje anna jobba ho for at jenter som gjekk heime og stelte gamle og/eller sjuke foreldre, skulle oppnå trygde- og pensjonsrettar. Andre interessefelt var samferdsle og utdanning. Høve til vidareutdanning for ungdom med dårleg økonomi var ei av dei store hjartesakene hennar.

Kjelder og litteratur

  • Lokalavisa Marsteinen 25. september 1986