Dorthea Møgster: Forskjell mellom sideversjoner
(Defaultsort) |
(lenke til Marsteinen) |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
==Kjelder og litteratur== | ==Kjelder og litteratur== | ||
*Lokalavisa Marsteinen 25. september 1986 | *Lokalavisa ''[[Marsteinen (avis)|Marsteinen]]'', 25. september 1986. | ||
{{DEFAULTSORT:Møgster, Dorthea}} | {{DEFAULTSORT:Møgster, Dorthea}} |
Sideversjonen fra 23. okt. 2014 kl. 06:55
Dorthea Møgster (fødd i Austevoll kommune i 1905, døydde same stad i 1974) var utdanna diakonisse. Ho var den første folkevalde kvinnelege politikaren i Austevoll kommunestyre saman med Oline Marie Nordbø. Begge sat i kommunestyret frå 1948 til 1952.
Foreldra var gardbrukar Nils Olai Ingebrigtsen Storebø (1864-?) og Dorthea Andrine Kolbeinshavn (1871-?).
Dorthea Møgster utdanna seg til diakonisse, og arbeidde ved Kysthospitalet i Hagavik i Os kommune og ved Betanien sjukehus i Bergen. Seinare var ho menighetssøster i fleire år i Møkster kyrkjesokn i Austevoll. Frå 1954 til 1964 var styreformann ved Austevoll aldersheim, og i fleire periodar var ho medlem i sosialstyret i kommunen.
I 1933 gifte ho seg med notbas og fiskebåtreiar Lars Olai Møgster (1905-1970), og dei fekk fem barn.
Dorthea Møkster stemte Venstre, men ho vart vald inn i kommunestyret på bygdelista for Kolbeinsvik krins. Særleg arbeidde ho for sosiale saker i kommunestyret. Mellom mykje anna jobba ho for at jenter som gjekk heime og stelte gamle og/eller sjuke foreldre, skulle oppnå trygde- og pensjonsrettar. Andre interessefelt var samferdsle og utdanning. Høve til vidareutdanning for ungdom med dårleg økonomi var ei av dei store hjartesakene hennar.
Kjelder og litteratur
- Lokalavisa Marsteinen, 25. september 1986.