Drukningsulykka i Austefjorden 12. juni 1878

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2010 kl. 21:20 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Hamre (Volda) Aurstad Aarset mot W.JPG|Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.|fotograf=[[Bruker:Oddvar Høy…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Austefjorden. Ulykka skjedde der fjorden svingar mot venstre og knip seg saman omtrent midt i bildet.

12. juni 1878 drukna 11 ungdomar frå Volda og Ørsta på veg heim frå bryllaup i Follabygda i Austefjorden. Ungdomane, ti frå Åmdalen i Ørsta, ein frå Halse og ei frå Ervika i Hjartåbygda hadde vore i bryllupet til Jon Ivarsson frå Dalskaret som gifta 10. juli seg med Anne Marte Jonsd. frå Rasmusgarden på Løfolla.

Det var to karar frå Follabygda som skulle ro tolv ungdomar frå Løfolla til Årneset denne skjebnesvangre dagen. Alle dei fjorten var i ein båt, og da dei kryssa over fjorden frå Skoreneset til Årset kvelvde båten og 11 drukna altså. Sju av dei omkomne skal vere innført i kyrkjeboka for Ørsta og fire i Volda, alle med dødsdag 12. juni. I stykket i Voldaminne 1987 er namna og tilknytinga til heimar i Ørsta og Volda gjeve opp. Der er og den spesielle sokningsteknikken Hans H. Geitvik (1856-1934) nytta for å finne att dei omkomne skildra i detalj av han sjølv.

Litteratur

  • Geitvik, Hans 1987: Drukningsulykka i Austefjorden i 1878. Voldaminne s. 86-94.