Edøy kommune: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 16: | Linje 16: | ||
[[kategori:opphør i 1959]] | [[kategori:opphør i 1959]] | ||
[[kategori:tidligere kommuner]] | [[kategori:tidligere kommuner]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 09:30
Edøy kommune på Nordmøre vart oppretta som formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838 på grunnlag av grensene til Edøy prestegjeld, som i sin tur hadde vorte utskilt frå Aure prestegjeld ved reskript av 30. juni 1749. Prestegjeldet og formannsskapsdistriktet inkluderte i 1838 heile Smøla, og i tillegg Tustna med Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya. Tustna vart utskilt som eige sokn innanfor prestegjeldet og kommunen i 1867, og 1. januar 1874 vart Tustna utskilt som eige herad, som frå 1876 vart overført til det nye Halsa prestegjeld.
Den 1. januar 1915 vart Edøy herad delt i tre etter kyrkjesokna. Edøy sokn vart nye Edøy herad med 973 innbyggjarar; Brattvær vart eige herad med 1462 innbyggjarar; og Hopen vart eige herad med 1050 innbyggjarar. Desse tre kommunane vart ihopslegne att som del av kommunereformen i 1960-åra den 1. januar 1960 under namnet Smøla kommune.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.
- «Smøla» på Disnorge.no