Edøy kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 03:33 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:t» til «[[Kategori:T»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Edøy gamle kyrkje.
Foto: Olve Utne. (2007).

Edøy kommuneNordmøre vart oppretta som formannsskapsdistrikt den 1. januar 1838 på grunnlag av grensene til Edøy prestegjeld, som i sin tur hadde vorte utskilt frå Aure prestegjeld ved reskript av 30. juni 1749. Prestegjeldet og formannsskapsdistriktet inkluderte i 1838 heile Smøla, og i tillegg Tustna med Stabblandet og vestsida av Ertvågsøya. Tustna vart utskilt som eige sokn innanfor prestegjeldet og kommunen i 1867, og 1. januar 1874 vart Tustna utskilt som eige herad, som frå 1876 vart overført til det nye Halsa prestegjeld.

Den 1. januar 1915 vart Edøy herad delt i tre etter kyrkjesokna. Edøy sokn vart nye Edøy herad med 973 innbyggjarar; Brattvær vart eige herad med 1462 innbyggjarar; og Hopen vart eige herad med 1050 innbyggjarar. Desse tre kommunane vart ihopslegne att som del av kommunereformen i 1960-åra den 1. januar 1960 under namnet Smøla kommune.

Kjelder og litteratur